grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

24 mars 2020

Bøker som har forma mitt liv (1)



Det er Forkynneren Salomo som skriv at «det er ikke ende på de bøker som skrives», men nett foran står det om han at han var med og ga folket kunnskap: «Han grunnet og gransket og formet mange ordspråk. Forkynneren la vinn på å finne gode ord og vendinger og skrev ned det som er rett og sant» (Forkynneren 12:9-13).
Har du lest min sjølbiografi «Med skrivekløe» (2011) så forstår du at bøker har betydd svært mye i livet mitt. Eg var elev i barneskolen på Risnes i 10-14-års alderen og lånte bøker i skolebiblioteket for første gong. Heime hadde me bare to bøker, Bibelen og Rosenius (Husandaktsbok), begge med gotisk skrift som eg lærte ganske fort. Eg gløymer ikkje dei første bøkene eg las: Robin Hood, Tsarens kurér (Jules Verne), Robinson Crusoe (Daniel Defoe) og Ivanhoe (Walter Scott). Og så fekk to bøker til jul, Stifinneren og Hjortedreperen (J. F. Cooper). Eg er blitt 83 år og husker bøkene ennå.
   Det er klart at leksebøker i både barneskolen og dei to åra på realskolen betydde svært mye for meg, dei ga nødvendig kunnskap for livet. Men eg husker dei ikkje spesielt, likevel. Unnataket var at i siste året på barneskolen fekk me ei lita, men grundige og klar bok om norsk grammatikk. Boka var ein augeopnar for meg og betydde mye for å lære grammatiske språk eg seinare kom borti, tysk og amharisk m.fl.
  Seks år på Fjellhaug misjonsskole var ei svært god tid for bøker, og særlig bøkenes bok. For meg personlig var det rektor Øivind Andersens forelesninger i Romerbrevet og dogmatikk/troslære som betydde mest både på Fjellhaug 1953-59, og seinare i bibelundervisning både i Etiopia 1961-93 og på møter i heimlandet. 
   Men misjonsskolen hadde eit bibliotek som eg saumfar meir enn ein gong. Der vart eg for første gong kjent med C. S. Lewis gjennom boka «Djevelen dypper pennen». Hans bøker (sjå foto) er seinare blitt gjennomlest mange gonger og har sin faste plass i bokhyllene mine: Narnia-bøkene, dei teologiske og apologetiske bøkene og «reisebøkene» til Mars og Venus. Joy Davidman og hennes ekteskapbok «Mrs. Lewis» var svært interessant.
Eg kjøpte ei spesiell bok mens eg var misjonsstudent: «Worlds in Collision» av Immanuel Velikovsky, 1950, ein vitenskapsmann som såg på Bibelen som ei sann historiebok. Dette var ei interessant bok og vart for meg eit emne som har opptatt meg gjennom alle år. Rosenius og Ludvig Hope sine mange skrifter treng eg neppe nevna, dei bøkene betydde mye både for meg personleg og for mitt arbeid som forkynner.