grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

22 oktober 2006

"Takk og på gjensyn!"



Endelig fekk Gunvor kvila. Etter 21 år med Parkinson sykdom, 6-7 år i rullestol og 4 veker i sykesenga, sovna ho fredelig inn lørdag 21.oktober kl. 18.15 med sine næraste familie omkring senga.Det var svært gildt for meg å ha mine næraste omkring meg i den stunda. Så ringte eg til Hans Kristoffer, Gunvors bror og representant for begravelsesbyrå, Kista kom samme kvelden, og avtale vart gjort med prest Håvard Eidhamar om gravferd på fredag 27. oktober kl. 14.15. Personalet på sykeheimen hadde vore svært omsorgsfulle, ikkje berre mot Gunvor, men mot oss alle - og sørga for kaffemat og smørbrød. Guttane våre kom og satt hos mor, time etter time, både natt og dag.Me hadde ei "visning" før lokket vart lagt på kista, las Jes 41:10, takka Herren for mor, og sang Ingen er så trygg i fare /Hva han tar og hva han giver ... (Bildet er tatt i kirken 27.10.06 av Ottar Bø)

08 oktober 2006

Gunvor på sjukehuset



Det har vore ei vond veke: Gunvor vart sendt på sjukehus mandag, så har guttane våre vore her i tur og orden. I dag kjem Arne med familie, og i morgen Geir Tore med familie frå Tanzania/Nairobi. Gunvor var tre dager på sjukehuset og kom så tilbake. Men ho får ikkje væske og mat nok i seg, og er mykje plaga av spasmer som Parkinson-sjukdommen har ført over henne.Det vanskelig å få kontakt både med henne og med himmelen.

02 oktober 2006

Bønn på ein ny dag

Min menighetssammenheng er Randaberg Misjonsforsamling (Misjonssambandet), og kontakten der er mi nettside http://salmelid.no. På denne bloggen her er eg meir personleg: Eg gler meg over den nye dagen eg har fått. Men kona mi er komme på sjukeheim, etter 6 år i rullestol - og 47 års ekteskap. Dei siste dagane har ho vore sengeliggjande. Det har vore vondt for meg å finne henne slik. Eg las dagens ord for henne, frå "Frykt ikke", Joh 6:37-40: Den som kommer til meg, vil jeg slett ikke støte ut ... jeg skal ikke miste noe av det Far min har gitt meg, men oppreise det (ham) på den siste dag ... I tillit til Jesu løfte ba eg for henne. Spasmer og svelgvansker heldt fram i den svake kroppen. Men saka vår er nå overlatt til den allmektige Herre og gjenløser!

01 oktober 2006

Salmelid-logoen



Hei,

eg er ein farfar som gjerne ville ha kontakt med slekt og venner gjennom denne bloggen. Merket på denne siden er "Salmelid-logoen" som er brukt av meg og mine etterkommere, men ikkje av fjellgrenda Salmeli - der mine forfedre kom frå. Fint om du tar kontakt. Helsing Tobias