grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

29 juli 2013

Laksefestival, generalforsamling,amerikagjest

Jo, det vart ei travel helg, ganske mangfoldig. Gladlaksfestivalen her i Flekkefjord har nå ein 30 år gammel historie, heile byen er på beina og eter laks og kjøper ting og tang i alle butikker til halv pris. Gudstenesten søndag er for alle byens menigheter, den måtte me ha inne i kyrkja fordi det kom litt regn - Og samtidig var det avslutning på Indremisjonens generalforsamling i Lyngdal, dit reiste me lørdag. Og søndags ettermiddag kom Jim Borrud, ein av Bjørgs tremenninger, på besøk frå Amerika. Gode opplevelser. Me avslutta med møte på bedehuset om kvelden.

23 juli 2013

Samling på Bømlo

Arne og Lillian hadde invitert alle "salmelider" til Rorbua deira på Bømlo 19-22.juli, og det vart ei storhelg med strålande sol. Ikkje alle kunne vera heile tida, men 21 av slekta var innom. Det vart velkomst for Geir Tore og Margunn med barna som nett var komne frå Nairobi, og siste gongen me så Bent og Ellen før dei reiste tilbake til Ginnir i Etiopia og oppgavene der. Det vart mange høgdepunkt: Indjera og wott, fin søndagstur uti "villmarka", koselig prat, fisketur og herlig opphald i den store og praktiske rorbua.
Lillian og Arne, Ellen og Bent, Elin og Kristen, Bjarne og Unn-Iren, Geir Tore og Margunn

Bjørg, Arne, Bent og Ellen, Lillian med barnebarnet Oscar

Geir Tore og Arne skal ut og fiske, sammen med Tomas, Renate og Joakim

Oscar og morfar Arne fanga ein fin lyr ved bryggekanten

16 juli 2013

Fleire gjester frå Amerika

Frederick Fosdal har slektsrøtter i Gyland, han er tremenning til Bjørg og fleire andre her i distriktet. Nå kom han og kona Jenet på besøk for å visa jentene sine (Lizabeth og Andrea) og barnebarna (Andrea, April, Alexandria og Jackson) kvar fedrene kom frå, og alt det vakre Norge hadde å by på. Balestrand og Sognefjorden var fantastisk. På lørdag samlast 20 norske slektninger med amerikanerne på Gyland bedehus til grilling og prat (nederste bilde). Gjestene budde på Hotel Maritim i Flekkefjord, og var innom oss til lunch på mandag (mellomste bilde) før dei kjørte videre til Sola og tilbake til Statene. Det var Harald Solbakken som var guiden deira i Norge.


09 juli 2013

Amerika-gjester søker slektsrøtter

Ved avreisa, frå venstre: Mark, Marcia, Nils (sjåfør), Dave og Janet.
Mandag 8.juli 2013 kom dei til oss for sightseeing og overnatting:  Mark og Marcia Knudson og Dave og Janet Olson, på jakt etter slektninger - både levende og døde. Turid Olsen (Flekkefjord) var med oss og kjørte dei rundt i Gyland: Nedland, Gyland kyrkjegard, og Nuland. Me måtte jo besøke 101-åringen Gurine Nedland på Tjørsvågheimen, og var innom Flekkefjord kirkekontor for å finne forfaren Svend L. Søyland (1832-1925) - men gravsteinen hans var borte.
Gravsteinen til Lars L. Nedland og kona Berthe, sammen med deira barnebarn Bjørg, Gry (Garvik) og Turid (Olsen)
 

Ferieveke på Kvitsund Gymnas

Me hadde ei svært fin ferieveke på Kvitsund bibelcamp første veka av juli, med turer, bibeltimer og gode matretter på dekka bord dag etter dag. Eg vart med på fjellturer både til Korstoppen og til Roholtfjellet (1100 m). Me budde i Bjørketun. Stort var det å vera med på nyhustaket der Pareli med band hadde fin konsert. Eg fekk vera med og "innvia" den store, nye matsalen/møtesalen i nybygget søndag formiddag med bibeltime (1.Kor 1:30) før heimreisa vår.