grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

27 november 2006

Uten ring!

Den 11.mai 1957 satte Gunvor og eg på oss forlovelsesringer - eit symbol på at me var "opptatt" og bundet til kvarandre. Dette stadfesta me to år seinare, under vielsen der me lova vera trufaste mot kvarandre i "gode og vonde dager inntil døden skiller oss". Døden kom og skilte oss 21.okt.2006, og den 24.nov. tok eg av meg ringen. Det kjentest litt merkelig, men eg syntest det var rett. Ingen kan erstatta Gunvor, men kanskje kunne eg få møta ei anna "medhjelp", om det viser seg å vera Herrens vilje og plan.

20 november 2006

Møteveke engasjerer

Kretskontoret bad meg ta ei møteveke på Talgje 14-19.november, og eg sa ja fordi eg trudde Vårherre stod bak. Eg satte meg ned med dei bibelorda som hadde betydd mest for meg i det siste, var det desse emnene eg skulle ta fram? Frelse frå forgjengeligheten, bekjennelsen og fellesskapet, misjonskallet, frelsesvisshet, kristenlivet i forsamlinga, og giversinn (ut frå teksta på søndag, Mark 12,41ff). Forsamlinga var gild å tale til, pianister og ledere var vel førebudde. Barna var med, møtekaffe og to vitnemøter hørte også med. Misjonsoffer vart samla inn på to av møtene. Eg fekk bu i heimen til Beate og Magne med deira fire kjekke barn, og hadde det godt der. Det er veldig stort å oppleva ei slik engasjert misjonsforsamling i aksjon, og få lov til å vera ein del av arbeidet. Måtte Herren velsigna Ordet og misjonsvennene.

13 november 2006

... ein ny begynnelse?

Farsdagen i går var ein travel, men svært gild dag for meg. Formiddagens eposter og Nytt Liv Media-sendinga gjorde godt. Ein halvtimes spasertur i vind og småregn, og ein deilig farsdagskaffe hos Bjarne var akkurat det eg hadde bruk for. Så skunda eg meg til IKFs samling i Salem, og fekk høve til å takke innvandrerne og andre for forbønn og omtanke for Gunvor og meg gjennom mange år, og nå til sist i gravferda. Deretter bar det videre til møte på Riska der eg skulle tale om ”tienden i dag, giversinn og giverglede” – med stor vekt på 2.Kor.8-9. Svært mange hadde møtt fram, og etterpå fekk eg kveldsmat og ein god prat hos Gudrun og Enok Thorsen.
I eit brev hadde eg fått helsinga frå Jes 45:2-3:”Jeg vil gå foran deg og bakker vil jeg jevne … jeg vil gi deg skatter som er skjult i mørket … så du kan vite at jeg er Herren som kalte deg ved navn, Israels Gud”. Dette løftesordet gav presten oss under vielsen vår i 1959, og nå tok eg det til meg som Guds løfte om fortsatt å gå foran og jevne bakker i mitt liv. Det kan det bli ein ny begynnelse av.

04 november 2006

Alle helgens dag


I morgen er det alle helgens dag og me minnest spesielt desse som har gått bort, denne "sky av vitner" som apostelen skriver om, Heb.12:1. I går hadde eg andakt både på sykeheimen og Ryggjatun, og orda mine var sterkt prega både av søndagens tekst og Gunvor som me hadde ført til grava berre ei veke før. Desse som døydde i den trua dei hadde vitna om med sitt liv, dei er ei trøyst for oss som lever igjen. Dei forteller oss nemlig at tilliten til Jesus holder både i liv og i død! Tunge tanker og bekymringer, fristelser og strid kjenner me bare så altfor godt til. Men me skal få leggja dei av - ved å sjå på Jesus, og huske hans ord: "Kom til meg, alle som strever og har tungt å bære, og jeg vil gi dere hvile!" (Matt 11:28)