grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

28 juli 2020

Tri innholdsfylte bøker


Eg lånte dei på biblioteket fordi tittelen var interessant. Nå har eg lest dei med positiv innstilling, sjøl om ikkje alt innhold var like overveldande:
(1) «Da Gud skiftet mening», av Trond Bakkevik og Tomm Kristiansen, forteller om korleis kirken har forandret mening i dei siste 50 åra. Det gjelder synet på ekteskap og homofili, kvinnekamp og kvinnelige prester, asylpolitikk og internasjonal solidaritet, forholdet kirken og staten, abortloven, utmelding frå statskirken og mye meir. Boka er skrevet av ein journalist, lettlest, men heile tida farga av at forandringer som er gjort er dei beste for mennesker i dag og for kirken. Tankene til konservative lekfolk, deriblant NLM, er ofte latterliggjort. Det er ikkje Gud som har skifta meining, men kirkens meiningar som har forandra seg meir og meir i retning av «tidsånda».
(2) «Jesus», av Tor Åge Bringsværd, er helst ein kuriositet som skriver om alle utenombibelske omtaler av Jesus. Me finner alt om Jesus i Koranen, om legender om hans reise til både England og India, og ekteskap. Såkalte «evangelier» som den gamle kirken måtte forkaste og ikkje kunne ta med i NT fordi dei ikkje holdt mål historisk, er med. Den historiske og nytestamentlige Jesus er utelatt i boka.
(3) «Korte svar på store spørsmål», av Stephen Hawking, var ikkje tung å lese, men omtalte svært tunge og filosofisk-fysiske emner: universets begynnelse, tidsreiser, svarte hull, konsolidering av verdensrommet, livets opprinnelse og kunstig intelligens. Først i boka spør han om det finnes ein Gud, og konkluderer med at siden ingenting kan eksistere før den store smellen då materie og tid ble til, så blir spørsmålet om noen eller noe før det, galt. Min konklusjon etter å ha lest boka, er at den svært kloke og kunnskapsrike Hawking (død 2018) er sjøl bundet av tid og materie, så mye at han ikkje kan tenke seg ein Gud som eksisterer hinsides alle dimensjoner. Mye av det han ellers skriver synes å vera meir filosofisk/tenkt enn astronomisk/virkelig.

27 juli 2020

Tur til hytte i Øvre Sirdal

Det vart fint ver på lørdag 25.august og me kjørte til Bjarne og Unn-Iren si velutstyrte hytte i Øvre Sirdal, like ved Fjellbutikken. Det var svært gildt å ta denne turen, eg kjørte fram og Bjørg tilbake, 105 km kvar veg, det tok nærare to timer. Sirdal er ein fin dal med elv og fjell.

Bjarne hadde ordna ein god del med hytta, og det var  over 3 år siden me sist var der. Det er gildt å få prate litt om oss sjøl, mimre litt om år som har gått, og ete lørdagsgrøt sammen.




Søndag kom NRK sin gule "Sommerbil" til Fjellbutikken,
den hadde kjørt frå Lysebotnen og skulle videre gjennom
Suleskar-veien. Me fulgte med på TV- sendinga om kvelden.


22 juli 2020

Salmeli tur med T. Greipsland

Det vart ein uventa trip til Salmeli og Knaben gruver 21.juli. Eg hadde hatt litt kontakt med forfatteren Torbjørn Greipsland (78), og ville gjerne lære han meir å kjenne. Han hadde lyst til å sjå områder der han ikkje hadde vore, bl.a.  Salmeli. Så kom han hit til Flekkefjord og eg var guide for han til Salmeli, via Gyland og Kvinlog.  Han brukte stav og hadde dårlig balanse så noen lang tur uten bil vart det ikkje. Kaffi på steintrappa til huset der borte, vart det sjølsagt. Greipsland var svært interessert i alt han såg.
Og så fortalte eg frå historia til min farfar Tobias Pedersen Salmelid, som kom hit frå Sinnes i Sirdal for å hjelpe til i onnetida på garden til enka Gurine i Salmeli.
Det var Asbjørn Pedersen Salmelid (1816-84) var blitt gift med Gurine Rostøl (1824-1916) i 1858 og bodde i det gamle huset der borte. Då han døde, vart enka sitjande igjen med døtrene Åsa (1861-1960) og Karen Tonetta (1895-96).  Åsa vart gift med Ivar frå Knabenes, og Karen Tonetta med Tobias frå Sinnes. I 1892 fødte dei kvar sitt guttebarn og begge vart oppkalt etter morfaren Asbjørn. Begge familiene budde i huset der borte, i kvar si stove, og med gamle Gurine på kammerset.
Det var sjølsagt vanskelig for enkemannen Tobias med to små (Asbjørn og Anna), og i 1900 gifta han seg med enka i huset der ute, Gunnhild (1857-1951). Seinare, i 1907, bygde han opp huset der heima, og Gunhilds datter Karen tok over gamlehuset der ute då ho gifta seg. Huset der borte vart seinare solgt og er nå ein del av gardsbruket der oppe.
Asbjørn Tobiassen Salmelid var i Amerika i 1911-32 (Oscar Lee), vart gift med Bendikte Seland i 1936, dei budde i Salmeli 1936-39 og kjøpte seg gardsbruk i Fjotland (Veggeland 1939-47, Smissnes/Risnes 1947). Asbjørn arbeidet noen år på Knaben Gruver.

01 juli 2020

En amerikansk slaves liv

Nokre bøker låner eg for å lese og slappe av med. Andre gir meg tanker eg ikkje lett gløymer. Frederick Douglass sin sjølbiografi fra 1845, er ei slik bok. "En amerikansk slaves liv" kom altså ut sju år før Harriet Beecher Stones bok «Onkel Toms hytte», og 16 år før den amerikanske borgerkrigen starta i 1861. Douglass (1828-95) var ein svært kjent borgerrettighetsaktivist og statsmann, vel kjent med det grufulle og umenneskelige slaveriet inntil han rømte til New York og endelig vart kjøpt fri i 1847. Boka er oversatt til norsk av Frode J. Riopelle i 2015. Denne autentiske og dramatiske livshistorien fekk stor betydning, og synest å vera svært aktuelt med tanke på Martin Luther King (1929-68) sin tale «I have a dream», og like til dagens «Black lives matter».