grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

23 oktober 2007

Høst med von om vår

Eittårsdagen for mor Gunvors bortgang er alt passert, slikt vekker minner, mange minner. Minner om høst, om slutten på eit liv. Men me veit at også i ein høst er der spire av liv som vil slå ut i full blomst til våren. Eg trenger sikkert ikkje minna om at Bjørg og eg følte litt av denne spiren/blomstringen helga 20-21.okt., siden det er halvårsdagen for bryllupet vårt. Men likefullt betyr høsten at uteplanter må gjerast noe med, og det må fyrast i vedovnen ... Me har hatt møteveke i Flekkefjord Bedehus nå, med Geir Tores understrekning av KALLET og oppgavene i Tanzania tirsdag og onsdag. Frå fredag til søndag er det eg som har bibeltimer over Fadervåret og understrweker bønna som ein KANAL som blir opna for Guds velsignelser, allmakt og godhet. Nå har Geir Tore sørga for ei egen og intern "familiensalmelid-blogg" som me sikkert vil gjera meir bruk av i framtida. Lev vel alle! Varm helsing frå oss to i Flekkefjord.

11 oktober 2007

Randaberg 1957-2007


Eg vart forlova med Gunvor Goa i 1957 og fekk mitt første besøk i Randaberg, i min kommande svigerfars hus på Bø. Da me kom heim i 1972, etter dei to første misjonær-periodene i Etiopia, var det godt for vår familie på sju å få "overta" svigersfars nye hus i Valaveien (sjå bildet). Etter at me måtte avslutta misjonærtenesta i 1993 p.g.a. Gunvors sjukdom, vart me buande der inntil me i 2005 flytta til Randabergtunet. Gunvor døde 21.oktober 2006, og eg har nettopp nå fått solgt leiligheten vår. Salgssummen er fordelt på dei fem guttane våre, og sjøl er eg flytta til Flekkefjord. Mi aktive Randaberg-tid er dermed blitt historie, fylt av rike minner om gode medmennesker og om Guds velgjerningar.

08 oktober 2007

Opplevelsesrik Bømlo-tur


Me fekk ei rad med fine opplevelser på helgeturen vår til Bømlo 6-7.oktober: Lillian og Arne tok imot oss med nytt kjøkken, smakfull mat, hyggestund og hjerterom. Me fekk ein fin tur til Moster gamle kyrkje og amfi, var innom Lillians foreldre, fekk sjå Kristian på sin nye og store moped, og treffe Martha som var heime på høstferie. Arnes frimerkeentusiasme må bare oppleves (sjå foto)! Bjørg fhadde aldri vore på Bømlo før, så ho fekk ekstra mye med seg denne helga. På kjøreturen tilbake fekk me kaffe og prat hos Unn-Iren og Bjarne på Randaberg. Det gjorde godt for meg som skulle kjøre videre til kveldsmøte på Sira. Helsinga i 1.Kor. 1:3 sender eg vidare til alle lesarane av denne bloggen: Nåde være med dere og fred fra Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

01 oktober 2007

Barnedåp og oppdragelse


Daniel blei døypt på søndag. Han er barnebarn til Gry, Bjørgs søster, og me fekk ei gild oppleving sammen i Gyland kyrkje og på Ersdalstun etterpå. Bildet viser Bjørg med vesle Daniel. Det dåpsritualet prosten brukte, virka litt underleg. Han spurte: "Vil de at Daniel skal døypast i Faderens, Sønnens og Den hellige ånds navn til et liv i tru?" Etter sjølve dåpshandlingen tok han gutten i armene sine og minna forsamlinga om at nå hadde dei tatt imot dette barnet som medlem av menigheten. Det siste var jo greitt, men kva med oppdragelse i forsaking og tru? Eg får spørja noen om dette verkelig er eit nytt dåpsritual, eller ?