grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

23 august 2009

FOT-tur til Knaben og Kvinagruver


Dette var ein uventa tur, gledelig og god. Bjørg skulle ha søndagsvakt, og hadde sett i avisen at F.O.T. arrangerte tur til heia omkring Knaben Gruver, til dei nedlagde gruvene Knaben I og Kvina. Eg fall for fristelsen. Søndags morgen kjørte ho meg til rutebilstasjonen der flokken samlast - nesten 30 i tallet. Eg fekk sitte på med ein privatbil. Frå kl. 11.30 brukte me nesten 2 timer til den gamle Knaben I - grua (molybdengrue i åra 1905-38) og etter ein matpause gjekk me videre i fint turvær: uten regn og sol, til Kvina-gruva (i virksomhet 1905-16 og 1951-55). Eit personlig minne: Far var med og satte opp brakkene der då drifta skulle starte opp igjen i 1951, og eg fekk sommerjobb der då, som kjøkkengutt - det året eg "las for presten" og skulle begynne på Liknes realskole om høsten. Opplevelsene på turen: Store fjellvidder med snauberg og småvatn, ruiner av massive maskinfundament, og koselig småprat med tidligere ukjente medvandrarar. Eg var heime att i Flekkefjord kl. 19, turen hadde tatt 9 timer. Nå smakte Bjørgs lasange svært godt og føttene skreik etter å få lov til å innta horisontalen.

19 august 2009

Amerikanaren me møtte


Det var ikkje store opplevelser og severdigheter me var på jakt etter desse tre vekene i USA, men å treffe slektningar og besøke amerikanarar som var bevisste om sin norske arv. Også andre amerikanarar traff me på, og alle gav oss det samme inntrykk av hjelpsomhet, gjestfrihet og sosial glede. Ukjente mennesker i bil som kjørte framom, vinka til oss. Kom dei gåande - noe som skjelden hendte, ropa dei "Hi!" til oss. Dei var nyskjerrige og spørrande på ein omtenksom og omsorgsfull måte. På dei store gjennomfartsveiene - slike som Norge med sin natur og veibyggingstempo berre kan drømma om - kjørte dei fort og fint. Men kom dei til eit veikryss på mindre veien, var dei svært forsiktige. Sjølv etter 45 timer på landeveiene såg me aldri ei bilulykke. Amerikaneren bruker ikkje kniv under middagsmåltidet, berre gaffel. Og det ser ikkje ut som om han kan drikke vatn uten isbiter i glasset. Kaffekopper såg me ikkje, kaffen og anna drikke vart servert i store krus som dei kalla "mug". Han klaga over dyre bensinpriser, $ 2,50 pr. gallon (4 liter), og vart litt forskrekka over dei norske prisane. Lite veit dei om andre land i verda, men det landet besteforeldra kom frå, hadde dei besøkt leire gonger. Og amerikansk uttale er jo ikkje heilt det samme som engelsk, bror min bodde nå nær byen Oswego [aswegå] og tremenningen Frederick hadde etternavnet Fosdal [fasdel]. Dei helsa på oss og kvarandre med ein liten klem, og klappinga under sang og tale tok ingen ende. Vår statskyrkjeordning uten misjonsavdeling og våre bedehus og sjølvstendige misjonsorganisasjoner og forkynnarar var det svært vanskelig å forklare slik at dei forstod det. Men dei var interesserte i korleis me hadde arbeidt på misjonsfeltene i Etiopia og Tanzania, og lurte på korleis Bjørg og eg hadde møtt kvarandre og stifta ein heim sammen. (Bildet er eit typisk foto frå ferda vår, her er me sammen med Bjørgs tremenning Jim Borrud og hans nederlandsk-ætta kone Gerda).

14 august 2009

Fire fantastiske tremenningar i USA


Lars Guttormsen Nedland i Gyland opplevde at fleire av barna drog over havet til den nye verda i 1870-80-åra. Ein kom tilbake for å overta farsgarden, det var Lars som vart Bjørgs farfar. Broren Øyuf, som i Amerika fekk navnet Edward Larson (1865-1928), hadde døtrene Selma (gift Reece) og Inga (gift Torkelson). Inga fekk fem døtre som altså er Bjørgs tremenningar. Aurelia (1923-2001) var eldst, dei andre fire fekk me besøka under slektsturen vår. Det vart noen fine opplevelser av svært oppegåande, rause og gjestevennlige damer! Karen (f.1944, gift med Paul Leverentz) tok imot oss i Stillwater, MN, med grilling i båten deira ute på innsjøen. Rita (f.1938, gift med Roger Baer) kjørte oss frå heimen deira i 10 timer sørover i statane for at me skulle få besøka dei andre søstrene. Sarah (f. 1930, gift med Don Knudson) hadde bedt 17 andre slektninger på velkomstparty for oss i ein restaurant i heimebyen deira i Kansas. Virginia (f. 1926, gift med Keith Moots) tok imot oss med budskapet "Welcome Norwegian cousins" på ei høg reklamesøyle då me kjørte inn i byen Eureka, KS. Ho var reiseglad, skulle til Alaska veka etter og så på rundreise i Europa deretter! Og huset var fylt av souvenir og nips frå alle verdens kanter. Norskkunnskapen var ikkje så god lenger, men dei fire damene hadde sine norske slektningar i hjertene!

13 august 2009

Svigerinner (sisters-in-law)


Slektsturen vår til USA er me mykje takksamme for. Bjørg fekk fornya kontakten med fleire tremenningar og eg fekk møta igjen min einaste bror og hans barn og barnebarn. Den største gleda mellom dei mange hendingane var at Tønnes og Dorothy blei kjent med sin nye svigerinne Bjørg. Dorothy har vore mykje sjuklig i mange tiår, kvar dag er fylt av kronisk hodeverk, leddgikt med deformerte fingrer, og ettervirkninger av kne-, ankel- og ryggoperasjoner. Er det rart at ho undrast på kva Gud vil henne? Og kvifor bønnene ikkje når fram? - "Me vil fortsatt minne Herren om deg og lidinga di", sa eg. - "Men då må de også be for Tønnes, han har mykje å bera på brunn av meg," sa ho stille. Tønnes sa lite om kona si. Med tolmod lytta han til hennar utbrudd av smerte og sjølopptatthet, og gjorde det nødvendige husarbeid og matlaging i den greie "cabin'en" dei har fått laga seg der oppe ved stranda til Ontariosjøen. Til vinteren kjører dei sørover til Florida igjen. Dorothy var svært glad for å snakke med Bjørg (sjå bildet), som forsto situasjonen hennar. då var det som om ho gløymte lidinga for ei stund og kunne fortelja artige hendingar frå deira 48-årige samliv. Nå er dei 70 år gamle. Dei to døtrene bur i andre stater med familiene sine.