grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

19 juni 2017

Aktiviteter: Besøk og bedehussaker

Det fine og varme vêret held fram. Lørdag var me på besøk i nabohuset hos ekteparet Leine (ImF-folk). Huset dei bur i er heilt nytt, men me foretrekker vår leilighet likevel. Og så har dei ein fin utsikt, nemlig framsida av huset vårt! Søndag spaserte me ein tur til gravplassen på Austad, der Birgit Svindland, familien Aarsland og Solveig Tandstad er gravlagde.
   Så har me bedt dei gamle damene her i huset på ein kaffekopp tirsdag ettermiddag, det blir spennande.
  Onsdagen har me styremøte i Utvalget for søndag formiddagsmøter, og felles møte med Indremisjonen, og til sist styremøte for vårt eige NLM misjonslag, der eg er styreleder.

16 juni 2017

Bustad i byen

Det tar 15-20 minutter å gå frå leiligheten vår (Løvikgt 5E) til Utsikten, og derfrå ser me mesteparten av byen. Heilt til høgre ligger det nye og store Athos-bygget med leiligheter, bank og Rema1000. Bakenfor det ser me eit hus med rødt tak, det er Løvikgt 5. Sykehuset, kirka og det nye kultursenteret er godt synlige. Tidligere hadde me ein 3 km lang kjøreveg til butikksenteret ved Athosbygget, nå har me 4-5 minutters gangveg. Me merker forskjellen! Onsdag var det bønnestund på Bedehuset kl. 11.00, 5 minutters veg frå huset vårt. Eg minna om det Paulus seier i Rom 5, om vår rettferd og fred med Gud (v.1), men også om lidelser (trengsler) som følger med det å vera eit Guds barn (v.3). Me har fått opplevt at Gud har ført oss til ein god leilighet, men han har ikkje oppfylt våre bønnen om å få selge huset vårt i Gråsteinsveien. Han har kanskje ein grunn for det, for å lære oss utholdenhet og eit prøvet sinn og eit håp, slik det står i vers 3-4. Vår egenvilje og ønske er ikkje alltid det rette, nå venter me på "Guds time", på at hans vilje skal skje ...
   Ved middagstid tok eg den vesle fiskestanga vår og prøvde den utmed brygga , og fekk for første gong ein liten fisk, ein sei som eg tok med meg heim og gjorde klar til middagsmat i morgen. Så mykje middag får me ikkje av den, men det var den første!
   Om kvelden kl. 6-8 var me på byen der Englekafeen hadde stor folkefest med gratis rekemat til alle. Mange hundre var samla, me fekk både åndelig føde og nok av skalldyrmat. Til og med "han innante" kom på besøk, og Tove frå Englekafeen heldt ein fin evangelisk og personlig tale til folket. Det vart ein godt organisert og gild kveld på bryggekanten.

13 juni 2017

Amerikanske "cousins" på besøk

Lørdag kom dei, fire kjekke damer frå Minnesota, USA, til Flekkefjord og inntok vår nye leilighet som første gjester: Rita Baer (79) er Bjørgs tremenning, så har me hennes datter Rebecca Pedersen (41) med si datter lengst til høgre på bildet, Kailyn (13). Nett bak Rita står Madeline (13), datter av Ritas son David. Me hadde ordna med gode liggeplasser til dei. Bildet er frå Grønnes, med byen i bakgrunnen.
Søndag var me i Flekkefjord kirke, der dei fekk helse på prestene Dankel og Julia Engstrøm.
Om ettermiddagen drog dei tilk slekta på Lista. Mandag var me nesten heile dagen hos Johannes og Gry Garvik på Nedland (Gyland), mens eit par andre slektninger også stakk innom. Kva me gjorde der? Me fekk god grillmat, kaffe og kaker. Og så fekk gjestene prate slektssoger og sjå over listene over slektsnavn, og dei var det mange av.
Me ser Rebecca, Rita, Bjørg, Johannes og Gry; bak Bjørg sitter Turid. Mandagen kom folk og henta dei slik at dei fekk vera med til Kristiansand, på veien videre til Oslo og fly heim til Statene torsdag. Eit kjekt besøk, men litt strevsamt siden me nettopp hadde flytta inn i leiligheten.

10 juni 2017

Flytting, travelhet, glede og undring

Vel, er det virkelig over ein måned siden eg skreiv på bloggen sist? Utrulig. men tida har gått fort med flytting frå vårt gode hus i Gråsteinsveien 23 til romslig leilighet i Løvikgt 5E. Kvifor flytting etter 10 år oppe på Søyland? Jo, grunnene var fleire: Me vert eldre og synest at huset og plenen og veden og bilturer til bedehus og kjøpesenter vart litt strevsamt. Her i leiligheten har me bare 5 minutters gåtur til både bedehus og handling! Me savner jo det gode huset me hadde, men har fått god hjelp til flyttinga; guttane mine var med og svigerdøtrene vaska ut or huset. største jobben var nesten å klargjere denne leiligheten etter at enka som budde her, Sigrid Nuland, over 90 og svært oppegåande, hadde fått leilighet i Sundeheimen aldersbolig.
Flyttedagen lørdag 3/6, matpause hos Pizzabakeren over gata.
Flyttedagen, kaffe i den nye leiligheten: Arne, Kristen, Bent  og Bjørg
I dag er det lørdag igjen og me sitter og venter på at 4 damer frå Amerika skal dukke opp, me har ordna med matinnkjøp og sengeplass til dei her hos oss. Så venter med med lengsel og undring på at ein eller annen skal komme med bud på huset vårt i Gråsteinsveien, me trenger pengene for salget der for å dekke lånet for kjøpet her, kr. 3.000.000 (Bildet under).