grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

21 april 2017

"Tinnbryllup"

Me feirer 10-års bryllupsdag i dag, med flagg og vårlige bjørkelauvsgreiner på frokostbordet. For ti år siden vart me vigde i Gyland kyrkje. Ordet me fekk der var frå Jes.45:2-3, "Jeg vil gå foran deg. Fjell vil jeg jevne ut ... Jeg vil gi deg skatter som er skjult i mørket, og rikdommer gjemt på hemmelige steder, for at du skal kjenne at jeg er Herren, som kaller deg ved navn, Israels Gud." Herren har stått bak sitt løfte gjennom desse ti åra. Så husker me bryllupsfesten på Tonstadli sammen med alle våre, og veka me fekk sammen i Holland etterpå. Mange turer sammen, mange festlige stunder, og mange kvardager. Den store dagen sammen med våre fekk me feira på Holmavatn 4.mars (sjå foto).
   I dag er det kvardagen som setter sitt preg på aktiviteter og tanker: Eit dødsbudskap i går var vondt. Om eit par timer skal me i begravelse til ei som var med i misjonsforeninga vår. Det vert minnemøte på Bedehuset etterpå. Så er me opptatt av pakking og flytting. Mange ting skal koordinerast før dei kjem på plass. Og me takker Herren for dei ti gode åra, og fordi me får vera sammen i dei kvardagene som måtte komme. Vera sammen enda ein dag om oppdrag og oppgaver.

20 april 2017

...kven skal da ha det du har samla?

Det var ein rik bonde som planla å utvida løa si for å få meir avling inn, så skulle han ta seg tid til å nyte livet. Men Gud hadde andre planer, samme natt skulle nemlig bonden døy. Kva så med rikdommen han hadde samla seg? Fortellinga er ei av Jesu liknelser, Luk 12:16-24. Eg skulle tømme huset etter ein lærer som var død, over 90 år gammel. Sakene hans skulle sorterast, fleire permer med plastlommer måtte eg tømme for innhaldet skulle kastast og så kunne eg overta plastlommene til forskjellig bruk. Da kom tanken til meg: Skal du fortsette å samle slik at guttane dine får bryet med å kjøre papirene dine til søppelmottaket når di tid er omme?

Me måtte jo kontakta Gjenbruksbutikken for å be dei komme og hente det som var brukbart for salg videre. Dei kom og bilen vart full. Da kom det alvorleg frå ein av hjelparane, Gerhard: "Det er i grunnen svært at me skal samle på ting eit heilt liv, og så skal andre streve med å bli kvitt det heile når tida kjem." Sant sagt. Eg måtte berre ta det til meg fordi ein av mine hobbyer er nettopp å samle på papirer og lime noen av dei inn i utklippsbøker. Me veit ikkje kor mykje me hart før me skal flytte. Og nett nå er det nettopp flytting som er i tankane våre, forlate vårt gode og store hus i utkanten av byen og flytte til ein grei leilighet i sentrum.


11 april 2017

Andakt, husmøte og flytting

Det går slag i slag, litt spenning kvar dag.
Då eg hadde formiddagsandakt på Moi 5.april, var Bjørg og Solveig med og sang, det kom svært mange på samlinga. Eg talte om Guds nåde i Jesus Kristus, ut frå Tit.2:11-12: "For Guds nåde er blitt åpenbart til frelse for alle mennesker. den oppdrar oss til å si nei til et ugudelig liv og leve rettskaffent og gudfryktig i den verden som nå er."

Så var det HUSMØTE hos oss palmesøndag, hadde aldri hatt det før her i Gråsteinsveien, og lurte på om folket kom. Taleren var misjonær Marit Andersen, og plakater var satt opp ved postkassene i gata vår, og annonser i avisen. Me vart 16 i alt, men ingen av naboene kom. Eg opna med å nevne at det var starten på påsken, at den historiske hendinga med Jesu død og oppstandelse var klart dokumentert og bevitna, men hovedsaken med denne hendinga for 2000 år siden var kva det betydde for oss i dag. Eg nevnte teikninga i ei grastekt kyrkjehytte i Etiopia, der blodet draup frå ein korsfesta arm med bokstavene "sile-ne nau" (det var for meg!) forma i bloddråpene. Så sang me sangen til Dore Lavik etterpå: "Å, tenk at det var for meg at Kristus på krossen hang." Gildt samvær som vart avslutta med kollekt (kr.2000,-) , kaffe og surmelkkaker.
(I parantes kom denne setningen frå Karen Armstrongs "Historien om Gud" i tankane mine: "Det er forskjell på overbevisningen om et sett av (kristne) læresetninger og den tro som gjør det mulig for oss å sette vår lit til dem."

Mandag 10.april var me sammen med Sigrid Nuland i Løvikgt og henta klær og andre personlige ting ho skulle ha i sin nye leilighet i aldersheimen "Sundeheimen", det tok oss 4 timer, kaffe og kaker inkludert. Ho sit i rullestol og treng hjelp med mange ting, men ser ut til å trivast i den nye leiligheten sin. Det er nå blitt "kunngjort" for dei fleste at det er me som skal overta leiligheten i Løvikgt.5e, etter henne, men mange ting må på plass før me kjem så langt. I Gråsteinsveien 23 har me tatt til med pakking av klær og bøker med mykje meir, noe skal til Gjenbruksbutikken, noe skal me ha med oss, og noe skal me kaste. Me har bare så altfor mykje, oppsamla gjennom mange år, bl.a. 10 år her på Søyland. Og om 10 dager har me 10 års bryllupsdag!