grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

30 november 2008

Legetur, hos Bjarne, på Hognestad, og Gyland-konsert




Ja, det vart ei spennande helg så langt, og i ettermiddag er det stor konsert i Flekkefjord kyrkje, med svært mange sangarar og musikk-instrumenter. Det er ein strålande 1. søndag i advent - kald og skyfri. Me ønsker dere alle ei god adventstid.
Det var hørselen min som stod i fokus hos spesialisten i Stavanger. Grundige prøver vart gjort. Det høgre øyra mitt har alltid vore mindre hørsel på, legen meinte det kom seg av ein medfødt eller svært tidlig skade - høreapparat ville ikkje gje så mykje av seg. Det andre var svært bra, alderen tatt i betraktning.
Så kjørte me til Randaberg, fekk oss litt lunch på "mitt gamle konditori", var oppe på mors grav og såg kor greitt Bjarne hadde stelt til med blomstrande lyng og lampe til utelys. Etterpå var me eit par timer hos Bjarne og Unn-Iren og fekk faktisk også prata litt med svært opptatte og aktive jenter.
Deretter kjørte me til Liv Marie Risa Taksdal og Toralv Taksdal på Hognestad ved Bryne. Der var me invitert sammen med Gunvor Nærland og mannen AfeWorq, Torbjørn Vedelden og Anne Nydal. Me fekk god mat (ris og wott) og kake. Men først av alt: Ein svært gild prat og søskenkjensle med Etiopia-misjonærer! Det varma oss alle, trur eg. Me overnatta der og etter ein lang og smakfull frokost kjørte me tilbake til Flekkefjord.
Om kvelden var me på "sangkafé" på Gyland Bedehus, med fullt hus og god mat og sanger av den svenske sangeren Lennart Larsson. Ei veldig fin oppleving, uten dødpunkter. Den sangen som talte mest til meg var "I don't need to understand, I just need to hold his hand" (Jeg behøver ei forstå, bare ved hans side stå") - litt om dette å kunne kvila i Jesus uten å forstå alt det som møter oss her i verden - både av solskin og skygger.
Summa summarum: Gode opplevingar Bjørg og eg ønsker å bringe vidare til våre ...




20 november 2008

Israelsvenn i 40 år


I går var me og hørte Lilly Tånsberg (80) i Metodistkirken her i byen. Ho har nettopp fått Kongens fortjenestemedalje i gull, og blitt innskrevet i Israels "Golden Book" for sin innsats der i landet siden 1968 - bare to andre nordmenn har fått den æren. Hennes timelange tale var om Israels folk i dag (7,5 mill), om hennes arbeid for skandinaviske ungdommer på Beit Skandinavia i Haifa (fra 5.1.1981), og Guds løfte om å samle Israels folk i deira eige land i fred. Lillys liv er ei einaste stor fortelling om opplevelser mellom eit folk med pågangsmot i eit krigsherja land. Ho nevnte Israels historie i GT, og hedningenes tider fra Jesu fødsel til 1948 (da staten Israel vart gjenoppretta), og så den "tredje tidsepoke" med fred - etter Guds løftesord bl.a. i Sakarja 8:7-8 og Esekiel 36:26-28. Ganske rolig fortalte Lilly, uten manuskript, om Guds gjerninger - til ein lyttande forsamling av israelsvenner: Jes 54:17 Ingen av de våpen som blir smidd mot deg, skal ha framgang, og hver tunge som går i rette med deg, skal du få domfelt. Dette er arven til Herrens tjenere, den rett de får av meg, sier Herren. (Bildet viser Lilly som får fortjenestemedaljen i Haifa, foto: Farsunds Avis)

18 november 2008

På vakt etter ei angstfylt natt


Bjørg måtte opp kl. 06.15 fordi ein sykehusjobb venta. Natta hadde vore fylt av tanker om dei akutte allergi-reaksjonene ho hadde hatt to gonger siden me kom heim att frå Etiopia, 4.oktober og 6.november. Av ukjent årsak hadde eine sida av tunga hovna opp (angionevrotisk ødem). Virkningsfulle medisiner og ei sykehusnatt under observasjon hadde fått henne i form att. Men i går hadde fastlegen gitt henne ein resept på medikament til bruk dersom ho fekk ein liknande reaksjon, med beskjed om at ho måtte ringe nr. 113 og rekvirere helikopter dersom det var relativ lang veg til lege og sykehus. Slik informasjon kan lett skape angst i nattetimane. Me måtte minne Herren om hans løfte til oss i Jes 41:10:Frykt ikke, for jeg er med deg! Se deg ikke engstelig om, for jeg er din Gud! Jeg styrker deg og hjelper deg og holder deg oppe med min rettferds høyre hånd.

17 november 2008

Eunike-basar på Saron/Bryne




Evner og oppgaver (Timoteus).


Noe av dette var det eg formidla på andakten min på Brynen lørdag - barn og unge foreldre og noen med grå hår fylte Saron, og resultatet vart ca. kr. 43.000 til misjonsarbeid mellom digoane i Kenya. Foreninga hadde gjort ein kjempeinnsats.

Av og til vert oppgavene for store for oss, me har ikkje evner til å utføra det me blir pålagd, og kanskje heller ikkje utdanning og mot til det. Slik kan det vera i Guds rike også, i misjonsarbeidet der me bur. I les om ein slik i NT, det var ungdommen Timoteus som Paulus hadde sett til å vera forsamlingsleder. I byen var det mange hedndinger og Timoteus holdt på å missa motet. Då skriver Paulus brev til han, to brev – i det andre oppmuntrer han Timoteus til å stå på, til å huske på det tilliten til Gud han hadde fått frå barndommen av – av din mor og mormor, og dei evnene Gud i sin nåde hadde gitt han (2 Tim 1:5-7). Her var det ingen grunn til mismot, sjøl om han måtte lida vondt på grunn av evangeliet han forkynte.. Du skal gi vidare til andre det du sjøl har fått, sa Paulus, 2 Tim 2:2.

Vår oppgave i det halvåret me var i Etiopia i år, var å vera styrerpar på misjonens ferieplass og konferansesenter i Awasa. Me skulle sørge for at misjonærer på gjennomreise fekk det dei hadde bruk for, både av sengklær og andre nødvendige ting. Det vart mykje klesvask og stell i dei 14 leilighetane me hadde tilsyn med. Me kunne få flokker på 20-25 etiopiske ungdomsledarar på ein gong. Ofte kunne me bli trøtte av å springa med kjøkkensaker eller reparera vassrøyr og myggnett, og ergra seg over jordrotter og marekatter.

Misjonær Haraldur Olafsson skreiv for 10 år siden eit brev til dei som den gongen var styrerpar i Awasa (Marit og Ivar Tolo, 1998): ”Kan hende vert det lite misjonsarbeid du får til, du møter gjerne andre som står i viktig arbeid. Men din oppgave er nettopp å leggja det til rette slik at desse andre kan stå i fronten. Du skal få vera ein lapp i ein større heilskap. Mangler ein, så er heilskapen øydelagt. Av og til kan det vera vanskelig å halda fast på motivasjonen, når ein strir med praktisk arbeid veke inn og veke ut. Då kan det vera godt å tenkja på at eg er ikkje her først og fremst for å forkynna evangeliet, men eg er her for å gjera mitt til at evangeliet vert forkynt!”

Misjonær Berta Ånestad kom ut til ein ny periode og blei spurt om kvifor ho hadde komme tilbake til Etiopia. Ho reiste seg og las 2 Tim 4:2 (Forkynn Ordet. Vær rede i tide og i utide …) , og satte seg igjen. Svaret var avlevert. Ikkje alle kan hjelpa sjuke med medisiner og evangeliet, slik Berta gjorde det i mange år på misjonsfeltet. Men: Noen i Norge – sendemenigheten i heimlandet – hadde gjort det mul.ig for henne å stå der ute! Dere i Evnike-foreninga har laga basar for å få inn penger til eit misjonsprosjekt blant digofolket i Kenya. Måtte Herren velsigne dere alle som er lapper på den heilheten som kalles å bygge Guds rike. - TS – 15.11.08

10 november 2008

Tradisjonstro julemesse


Julemessa i Flekkefjord Bedehus 7-8.nov. gjekk som forventa, fordi alle hjelpande hender var i arbeid - minst 25 med tenarnådegaver ordna og stelte med gevinstar, salg av bøker, matvarer, sysaker og lodd av alle slag. Stor og svært nødvendig inntektskjelde for NLM, men også eit bevis på samhald og samfunn i NLM-forsamlinga. Alle hadde eitt mål for auga: At misjonen skulle få mest mulig inntekt, og at flest mulig skulle få høyra Guds ord. Maleren og sangevangelisten Odd Dubland gav oss det han hadde: Han malte Jesus som Frelsaren vår i det ordet han forkynte og sang, og så malte han eit fint marinemaleri som vart auksjonert bort og gav kr. 4200 i ekstra inntekt. Tilsammen kom det inn 150.000 i brutto, i tillegg til misjonskollekten søndags kveld på vel 5.300. Mange folk hadde komme og gått, og tatt seg tid til å kjøpa både kaffe og lodd. Eg leda møtet søndags kveld og Odd talte og sang. Så skal eg preika igjen her på bedehuset tirsdag - og heile veka ellers skal eg ha møter på Saron (Bryne).

03 november 2008

Gyland bedehus innvidd!




Nesten 350 bedehusvenner fylte alle stuer og ganger i det nye bedehuset som vart innvidd på Gyland søndag ettermiddag, mange var offisielt innbudd, mange familier hadde barna i alle aldrer med seg, mange var gjester frå bygdene omkring - og alle fekk god bevertning, inkludert kaffe og bløtkaker. Dei gode orda frå Bibelen (1.Pet 4:7-11) var det gen.sekr. Hallaråker som kom med, etterpå vart huset innvidd ved skriftlesing og bønn. Så kom informasjoner om bygget og økonomien, og blomster og takkeord til dei som hadde styrt med det heile, byggeleder Johannes Garvik, formannen i byggekomiteen Olaf Fedjestad, og mange andre dugnadsfolk dei siste 2 åra. Helsingene kom til sist, frå ordføreren i Flekkefjord kommune, frå misjonslaga i nabobygdene, og andre menigheter og lag i Gyland. Bjørg og eg slapp til med ei takkegave (bordflagg) for forbønn og omtanke for oss gjennom mange år - og ei påminning om at det ennå er unådde stammer att både i Etiopia og Tanzania. I kollekt og gaver kom det inn over kr. 100.000 den ettermiddagen. Huset står nå ferdig med ei gjeld på 1,3 millioner, det er lite for eit bygg som var kalkulert til over 6 millioner. Det er vakkert, trivelig og svært praktisk til både stormøter, barnelag og private selskap. Den gilde opplevinga i Gyland vil bli seint gløymt!

01 november 2008

... mot storhendinger.


Nydelig november med solrikt turvêr.

Torsdag og fredag sat Bjørg og i timesvis på handlesenteret Amfi og selde lodd til julemessa vår i slutten av neste veka. Eg sat litt ekstra i staden for Olav Fjose som måtte til Sola og ta imot Anbjørg og gutten Aleksander - han fant ingen trivsel på den engelskspråklige skolen i Addis Abeba og det gjekk sjølsagt ut over mora også. Faren (dr.Kjell Magne Kiplesund) vert der på det koreanske sykehuset i AA ei tid framover i alle fall.

I dag har Bjørg vore på formiddagstreff og sunge sammen med Solveig Forseth. så fekk me oss ein fin timelang tur etterpå, og i kveld skal me til kyrkja her og høyre E.Skeies kantate "Visst skal våren komme". Sikkert ei fin oppleving!

Ellers har eg arbeidt med nettside for Flekkefjord Misjonslag og Felleslag, og i morgen bærer det til innvielse av Gyland Bedehus - der vil programmet fylle heile ettermiddagen. Me har kjøpt fine bordflagg (etiopisk og tanzaniansk) som takkegave til innvielsen - ei takk for forbønn og omsorg og ei påminning om at det framleis er unådde i Øst-Afrika.