grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

27 desember 2013

Tanker om julegaver

Juletida er jo hos oss i Flekkefjord tida frå julemessene i første halvdel av november til 13.dag jul (6.januar) - desse vekene i nov-des.kjennes for oss som nedtelling til sjølve juledagene; veker med aktiviteter, dekorasjoner, adventslys og travelhet, og gaver - veldig bra i denne mørketida når dagene er ekstra korte. Juledagene - kanskje heile romjula - er fylt opp av besøk heime og ute, god og tradisjonell mat, og gaver. Og gaver kan vere så mangt: Me fekk nydelige blomsterhelsinger som kjem til å vare ut året, og mange bøker - dei gavene varer langt ut i neste jul. Sjølv fekk eg stor gave frå guttane: iPhone 4, som eg trur skal bli svært nyttig for meg når eg får læra den betre å kjenne. Bakgrunnen på bildet er Bjørg sin julegave til stua vår, eit lyst og praktisk skap. Noen gaver er annleis: Julebrev som forteller at noen husker på oss. Uventa mail frå ein tidligare medmisjonær Urpo: "Visste du Tobias at me på misjonsskolen bad for deg  allerede i 1968?" Og ein mail frå eit barnebarn som ikkje hadde fått noe frå meg i år anna enn gode ord, og dei takka ho for! Slike gaver og mail varmer hjertet og fyller meg med takksemd til både Gud og slekt og venner omkring meg.

19 desember 2013

Florida (5): Sightseeing

Florida har mye å by på for turistene. Vi hadde ingen ambisjoner om å nå det meste, men var takksamme til vertskapet for det dei viste oss. Ein halvannen times kjøretur til St.Pete på vestkysten, der Tønnes og Addie hadde hatt sin "honeymoon" etter bryllupet, var fin. Rart å sitte i ein rullerande restaurant som gav utsyn i alle himmelretningar i løpet av ein time.

Bok Tower Garden lenger sør var ein historisk park på ein høgde i det svært låge Florida, der var det i årene 1927-29 reist eit 63 m høgt tårn. Det huser eit unikt klokkespel med 60 bronseklokker, kvar på frå 7 kg til over eitt tonn. Klokkespelaren (the carillonneur) spelte på desse kvar dag, vi kunne sitte ved foten av tårnet og høyre klokkene mens vi såg spelaren på tv-skjerm. Massevis av tre  og blomar var planta i området der det også var ein gammel "Pinewood estate" (herregård). Alle rommene der var pynta opp til høgtida. Eigedommen hadde vore vinterhuset til Buck, direktøren for Bethlehem Steel. Fantastisk godt bevart i alle detaljer!

Vi var ikkje innom alle severdighetane i Disneyland, det ville tatt fleire dager. Men vi brukte ein ettermiddag og ei kveldstid i "Downtown Disney" (Disney-byen), og fekk med oss dinosaurane, utrulige legoklossekreasjoner, sjøormen, vulkanutbrudd, jungeltur med brølande elefanter, store juleutstillinger og smaken av enorm iskrem.
Dei breie gatene og mange og store parkeringsplassene var fulle av biler, ingen folk spaserte omkring. Parkeringsavgift trong ingen tenkje på. Når vi hadde vore ute på ein times daglig gåtur og kom tilbake, sa Tønnesmed eit smil: "Well, how was the walk?" Me satte stor pris på temperaturen på 27-29 grader, men likte mindre godt at amerikanerne alltid måtte ha is i drikkeglasset og trekkfulle vifter over alt.- Innsjøen Lake Morton nevner vi også, med gjess og hegrer og svarthalsa svaner, og eit juletre midt uti. Lakeland var ein herlig by!
 
 
 
 

18 desember 2013

Florida (4): Tønnes, Addie og deira kyrkje

Tønnes fylte 74 år 1.desember og det vart feira i heimen med barn og barnebarn og oss gjester. Lysene på kaka Karen hadde bakt, blåste han fort ut, og pakka opp ei verktøysgave frå steborna Cindy og Bob. Eg hadde laga ei fin fotobok om "Vår norske arv" på engelsk, både til han og til døtrene - den satte dei stor pris på. Så fekk eg også anledning til å halde tale for han og takka for hans omsorg for foreldra våre mens me var i Etiopia, og for alle gode minner.
Addie hadde eit klart syn for å pynte opp til jul, og stelle med sin gamle pus. Ho la ikkje skjul på elshugen sin til den nye ektemannen. To gonger kvar søndag spiller ho piano eller keyboard i kyrkja, i tillegg til øvelsene med kyrkjekoret på 40 medlemmer.
Lake Gibson Church of the Nazarene er kjent som "the singing Church" med ein inspirerande og gråhåra musikkleder, og ein åndsfylt prest, Charles Kirby, som dei har hatt i 15 år og som utlegger Guds Ord "without fear and favor" (uten frykt og spesielle hensyn) to ganger kvar søndag. Menigheten blei grunnlagt i 1950 og medlemmene kjem frå alle slags kyrkjesamfunn og trivst der. Det var mykje inspirerande og oppbyggelig å delta der dei to søndagene vi var i Lakeland.
Foto tatt under preludiet før gudstenesten begynte. Vi ser hodet til Addie med keyboarden. Kyrkja var fint julepynta. Tønnes var "usher" den dagen og ønska folket velkommen og var med og tok opp kollekten. Presist kl. 10.30 stod koret oppstilt og møtelyden reiste seg og sang sterkt med i ein hyllest til Jesus, Frelseren som kom til jord for å ta seg av vår sak.
 
 
 
 

17 desember 2013

Florida (3): Julemåneden

Så snart Thanksgiving-helga var over, starta julemåneden i Florida med dekorasjoner i hus og hage. "Adventstid" hadde dei ikkje slik som hos oss, men julepynten var overveldande. Juletreet var på plass i stova alt 2. desember, strålande og med pakker under. Pakkene var bare ein del av pynten, dei var ikkje gaver som skulle opnast.
Tønnes var oppe på eit lite garasjeloft og henta ned "julekasser" med masse innhold, noe fekk han opp omkring huset ute (foto), og noe skule sjølsagt vere inne. Julen skulle markerast over alt.
Nissen vart kalla "Santa" (kort for "Santa Claus", julenissen), men han hørte ikkje med i dekorasjonene. Derimot dukka ein "snømann" opp både ute på verandaen (der Bjørg satt) og på ein paviljong i eit parkområde.
 
Heller ikkje julekrybba og julens egentlige innhold var gløymt.
 
 
 

16 desember 2013

Florida (2): Broder Tønnes

Det var svært gildt og gjevande å få vere sammen i to veker og prate om barndommen vår, om far og mor, og om livet vårt i dag. Tønnes reiste til Amerika som 19-åring i mars 1958 etter at onkel Halvard (mors bror) hadde stilt garanti for han. Reisa kom på ca.$ 200 med Stavangerfjord, og tok 8 dager, pengene hadde han spart opp etter arbeidet på Knaben gruver. Halvard tok vel imot han, sammen med Isak Liland og kona Karen, fars halvsøster. Tønnes og Halvard hadde eit soverom kvar i ein liten hybel, men åt ute i ein av dei mange "norske" restaurantene. På denne tiden hadde Brooklyn 63000 norskfødde innbyggarar. Onkelen satte Tønnes inn i arbeidet som "floorlegger", han fekk $10 i daglønn. Etter eitt år flytte han sammen med Sigbjørn, skolekameraten hans frå Kvås. Sigbjørn fekk seg ei jente som han vart gift med, og denne jenta hadde ei venninne, Dorothy - som Tønnes gifta seg med i februar 1961, med meg som "bestman", forlover. Dei vart buande i 171 - 70.Street i Brooklyn til 1965 då dei flytta til New Jersey. Tønnes hadde harde arbeidsdager omkring i heile New York i alle år med treinnretninger i alle slags hus. Men av og til var det så vanskelig med arbeidsoppdrag at både han og andre tømmermenn drog frå det eine byggearbeid til det andre for å høyre om dei hadde bruk for folk.
Då han vart 65 år, pensjonerte han seg og dei flytta til Florida og bygde hus der i byen Lakeland, og fant seg ein svært gild og inkluderande menighet, Lake Gibson Church. Døtrene var då gifte og budde sammen med familiene sine i Mississippi (Karen Marren) og i Pennsylvania (Lisa Simon). Dorothy hadde vore svært sjuklig i fleire år før ho døydde i oktober 2009. Året etter (16/10-2010)gifta han seg med enka Addie DeBow, pianist i menigheten. Han ville selge huset sitt, men fekk ingen kjøper då, og fant ut at Addies hus ville passe godt for dei begge. Etterpå fekk han solgt huset.
Addies hus var like ved hans eige, 6380  Egret Dr. #19, Lakeland, FL 33809. Det har to soverom, romslig stue og kjøkken, garasje til ein bil. Addie har to barn fra første ekteskap, dei bur i nærheten.
Karen kom med mannen Riges (som eg aldri hadde sett før) og dattera Marissa frå heimen i Mississippi, 10 timers kjøring frå Lakeland. Det var svært gildt å treffe dei (sjå foto). Karen fortalde at Lisa hadde tatt det tungt då Tønnes gifta seg att, ho hadde nemlig ikkje vore i Lakeland mellom begravelsen av mora og det nye bryllupet. Men Karen syntest det var gildt at faren slapp å vere aleine lenger, og Addies barn og barnebarn var overbegeistra for Tønnes - dei hadde bedt i mange år om at mora måtte finne seg ein ny mann.

15 desember 2013

Florida (1): Thanksgiving

Vi kom til Lakeland, Florida, der broder Tønnes og Addie hadde slått seg ned. Klokka var 01.30 natt til torsdag 28.nov, Thanksgiving Day, den største dagen for amerikanerne siden 1863 da den vart erklært nasjonal fridag i alle statene. Denne høsttakkefesten har sine røtter fra "pilegrimsfedrenes" første høsttakkedag i 1621 (se bildet). Dagen har etter kvart mista sitt religiøse innhald..
Dagen skulle feirast med stor familiesamling i den store stova til Mike og Cindy, Addies datter. Addie og Tønnes hadde  skjært opp kalkunen, og ellers kom alle med matretter til deling.
Det vart mykje eting av mange smakfulle retter, både kjente og ukjente. Vi fikk helse på slektninger i Addies familie. Svært gildt var det at Tønnes si eldste datter Karen var komme frå Mississippi med mannen Rigis Marren og dattera Marissa. Bordbønna vart bedt, etterfuldt av eit klart "amen" frå alle i selskapet, og det vart mykje småprat rundt bordene. Men det vart også alt. Vi hadde venta noen "åpningsord" med hentydning av takk til Gud for alle hans gaver. Nå veit eg at andre stader vert det nok brukt litt tid til å hugse på alt godt vi har fått, slik Maiken Salmelid uttrykte det så fint på bloggen sin frå New York. Men her i selskapet vart slikt ikkje nevnt, det skuffa oss litt.
Dagen etter er det "Black Friday", den store handledagen i USA, med nedsatte varer i alle butikker og forretninger. Etter denne Thanksgiving-helga starta amerikanerne med "julemåneden", vår adventstid. Vi skulle få  lære meir om amerikanske tilhøve før vi vart ferdige med denne alle tiders ferieturen vår "over there".