grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

24 juni 2014

Salmeli-helg og St.Hans

Me gjorde oss ferdig mad dagens maling lørdags ettermiddag, og eg kjørte til Salmeli like etterpå. Grunneigarane der skulle ha møte, og då visste eg at eg kunne få treffe noen av dei, særlig familien til Olav Liland, søskenbarnet mitt som bor i Seatle. Eg fekk kaffe og ein god prat med Olav og Kerstin og sønnen Steve om kvelden. dei venta fleire folk seinare frå Sverige, der Steves to gutter skulle bli konfirmert. Steve arbeider i oljeverksemd i Alaska.
Eg hadde ei svært kald natt i ei løa ved bekken, og den varme morgensola gjorde meg godt.Utpå dagen kjørte eg heim att. Bjørg var kyrkjevert den søndagen og kunne ikkje bli med meg til Salmeli.
Mandag, etter malingsøkta, vart me bedt til det tradisjonelle jonsok-selskapet hos Nelly og Magne Sivertsen. I år var me bare fem samla og såg på båtene som kryssa fram og tilbake på fjorden utenfor stovevinduet.
Nelly diska opp med dravle og potetkaker, kaffe og is.

Nelly og Magne er eit svært gildt vennepar av oss, og trauste og trufaste misjonsvenner.
Kl. 22.00 vart bålet ("Spiren") tent uti fjorden, det var det einaste bålet som var tillatt i Flekkefjord kommune i år for alle var redde for brann (Brannsjefen: "Til og med mold brenner nå."). Me avslutta samværet ved at eg las frå Salme 27: "Herren er mitt lys og mi frelse, kven skulle eg ottast? Herren er eit vern for mitt liv, kven skulle eg skjelva for? ... Herre, lær meg dine vegar, og før meg på dei rette stier."


19 juni 2014

Telemarkstur juni 2014

Flekkefjord Felleslag hadde ein fin tredagers busstur i Telemark, med besøk og overnatting på Norsjø, kanaltur frå Lunde til Kviteseid, middag på Kvitsund og på Evjetun. Me var 46 i alt, med Jørn som stødig sjåfør og Ove med hjelparar som guide.
Ombord på kanalbåten  Victoria ved Lunde (fotograf: Ove Sandvik)

Overnatting på Norsjø ungdomssenter (NLM), Jørn kjørte bussen vår.

 Me nærmer oss Kvitsund Gymnas (NLM), Ove justerer linsa. Kristen tok imot oss med middag.
 Oddvar Dahl sitter ved pianoet på Norsjø og synger (S.303):
Du kommer, Jesus, til meg inn,og så er solen tent,
så flykter skyggen fra mitt kinn, og hvert et savn er endt.
 På Kvitsund Gymnas står Kristen Salmelid i tunet og orienterer om skolen og nybygget, før middag.

07 juni 2014

Minner: Mansjuria, Kvås, etc

Starten på møter og hendinger i juni var svært interessant. Søndag 12.juni var me sammen med Eva og Lars Olsen på fin kjøretur til Sokndal, på misjonsmøte av dei sjeldne: Det var 100-årsminne for dr. Tønnes Frøyland som vart skutt og drept av røverne i Kina, og så hadde me besøk av Knut Aalgaard som sammen med 40 andre kom seg ut frå Mansjuria i april 1946 - då var han knapt 2 år gammel. Han var født 6.juni 1944 og 3 dager etter døde faren av tyfus, mora sat igjen med 3 smågutter, isolert av krigen. Svært dramatisk. Bildet av Knut er tatt av Ove Sandvik.
3-4.juni var me på Kvåstunet. Det var samlinga av alle elevene som hadde vore på Kvås Folkehøgskule for 55 år siden, 50 elever møtte opp, deriblant Bjørg, Ketil Fuglestad, Egil Eide (vikarlærer det året), og Paul Qvalbein (vaktmester det året), Olav Vegge (leder i komiteen). I tillegg kom 20 ektefeller. Veldig gildt samvær for oss alle.
Og så me me huske på det som foregår heime. Huset vært er nyvcaske og klar for maling. Ugraset og andre vekster nedi bakken er kutta, og i stova beundrer Bjørg ein av orkideene som har komme med ein avlegger på stilken. Fantastisk.
Og så kommer pinsehelga med Kvinesdal gjenbruk i dag, Haydombasaren i kveld, Tonstadlistevnet 2.pinsedag, og diverse møter utover i veka.