grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

26 september 2009

Kr. 48.000 til Bedehuset


Bedehusbasaren er nesten over for denne gangen, det står bare att søndagens kveldssamling med Odd Bjørn Tjøstheim og Flekkerøy Sangkamerater, og litt bevertning til heile møtelyden. Bjørg har stått på denne siste veka med forberedelser for å få ledige folk til innkjøp av gevinster, mottaking av gevinstgaver til basaren, kakebaking, smørbrødlaging, kaffekoking, loddbokskriving og åresalg - både fredag og lørdag. Dei som bruker bedehuset kunne jo ha gitt kr. 500 kvar (det gjorde me nok også i form av gevinstgaver og loddkjøp), og så hadde me sluppe alt strevet. Men då hadde me også gått glipp av samarbeidet før og under basaren, og eit herlig sosialt samvær med kaffe og prat og eit glytt ned på årene for å sjå om dei utropte gevinstnummera passa med våre. Og så hadde me kanskje heller ikkje fått lytta til den bereiste misjonæren og lektoren Berit Helgøy Kloster. Ho fekk formidla visjonar om bønnekrefter, endetidsmisjon og ein kjærleik til Jesus som Ånden kan få bruke i kvardagen vår - til å ta oss av kvarandre både lekamleg og åndeleg. Basaren "tok" mykje, og gav endå meir.

19 september 2009

Hyttetak i godvær


Me hadde to fine og solrike dager nettopp, og det kom vel med: Torsdag var eg oppe på hytta (Josli) og reiv av den gamle takpappen som ikkje var tett lenger. Den var dobbel og godt fastspikra så dagen gjekk til. Eg var helst trøtt då eg kom heim til middag og måtte rett på "programmøte" på Bedehuset. Det var styrelederne i ImF (Gordon), NMS (Anne Gerd) og NLM (eg) som sammen med Laila (sekretæren vår) satte opp møtelista for Bedehuset for 1. halvår 2010. Og dei møtene ligger svært tett! - På fredag vart Johannes Garvik med og tekkte taket med ny og god "tjørepapp". Det vil seia: Det var fagmannen som gjorde det meste, eg var bare hjelpegutten. Men også eg fekk kjenne at lemmene var stive og trøtte. Godt at arbeidet vart gjort!

16 september 2009

Notater om partier, valg, regjering - og Gud


- Gud styrer her i verden ved sine to sverd, og gjennom mennesker. Ved Åndens sverd, som er Guds Ord formidlet gjennom mennesker, styrer han sin menighet. Ved øvrighetens sverd, som formidles ved menneskelige lover, dom og rett, sørger han for orden i samfunnet
- Alle partier har gode kandidater og svært gode saker på sine program. Desse kjem vårt land og folk til gode - me skylder å takke Gud for dei.
- Me ønska eit borgerlig stortingsfleirtall og ei anna regjering enn den me har hatt dei siste fire åra. Me har nemlig sett korleis statsstøtten er blitt redusert for dei institusjonane og hjelpeorganisasjonene som ikkje har samme ideologi som staten og fleirtallet. Ufriheten brer om seg. Personlig kunne eg ikkje ha stemt på eit parti som har avskrive Bibelens budskap og dei naturlovene Gud har lagt ned i menneskelivet.
- Den totale mangel på partienes samarbeidsvilje før valget, har forbausa oss. Men slik det nå har blitt etter valget, vil me fortsette å ta til oss Herrens ord til dei bortførte jødane i Babel ca. 550 f. Kr: "Og streva etter at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og be til Herren for den! For når det går den vel, går det dykk vel også. ... for eg har fredstanker med dykk og ikkje ulukketankar, eg vil gje dykk framtid og von!" (Jer. 29:4-14)

11 september 2009

Guttenes måned


September er ein stor bursdagsmåned i vår storfamilie, det er særlig året 1992 som vil bli huska. Året før hadde me komme heim på sommerferie til Norge, men reiste ut att før Kristian kom til verda den 13. september. Nå var det blitt september igjen, i 1992, og to svigerdøtre hadde termin midt i månaden. Gunvor var på reise frå Arba Minch til Yirga Alem 5. september for å sjå til den eina - og vart overfalt av landevegsrøvarar. I si fortelling om dette dramaet, skriv ho: "Så vil denne fortellinga også vera eit vitnemål om at Gud går foran oss, han går ved sida vår, og han er det som til slutt vil ta oss heim til seg. Han fører oss ikkje alltid utanom vanskene, men han hjelper oss gjennom dei..." Den 11. september kom Ole Tobias til verda i Norge, og den 16. kom Harald på misjonssykehuset i Yirga Alem. - Mange år er gått nå siden dei lekte sammen i sandkassen i Valaveien på Randaberg! Gratulera med 17-årsdagen , Ole Tobias og Harald, og med 18-årsdagen for deg, Kristian! (Farfar reknar med at foreldra greier å formidla dette blogginnlegget videre til dei store sønnene sine). Håper dere får solskinn både ute og inne, både på Kvitsund og Bømlo denne helga!

05 september 2009

Syltetøy og sang


Me reinska tyttebæra og gledde oss over nesten 15 kg. Det meste vart kokt til syltetøy, og noe usukra bær lagt i fryseren til seinare bruk. Men dette var bare litt av innsatsen denne veka. På torsdag var musikklaget til Konsmo og sang på Muslimmisjonens møte der, ein lang tur i pøsande regnvær og svært svingende veg opp på heia og ned i dalen att. Det var David Svensen som talte over Salme 103 som han kalte "pensjonistenes salme". Fredag bar det til Feda der me sang på basar til inntekt for nytt bedehus. Taleren var Anders M. Larsen, om likheter og ulikheter mellom menneskene. Etter temavalget var talen bra, men det var musikklaget som sørga for Kristus-forkynnelsen! Bjørg var på indremisjonsbasar på bedehuset her i føremiddag, men eg ville ha fri - var bare på byen for litt handling. I morgen skal eg ha andakt på Sundeheimen, Bjørg og Solveig skal synga - før me går til kveldsmøte igjen. - Stundom hadde det vore ønskelig med noen fridager for å forbereda kommande styremøter og talertema. Ikkje alt går av seg sjølv, heller ikkje når Herren går med.

03 september 2009

Tyttebærtur


"Tyttebæret oppå tuva
vaks utav ei lita von
skogen med si grøne huva
fostrar mang ein raudleitt son'"

Onsdag hadde eg ein fin tur til traktene omkring Evje, det var Johannes og Gry (sjå bildet) som skulle hente tyttebær, og så vart eg med (Bjørg hadde vakt på sykehuset). Me henta tre bøtter kvar, det tok omkring 4 timer - og ein vond rygg. I dag får me tørke bæra litt etter regnet i går, og få reinska dei.Trulig vil me ha tyttebærsyltetøy for lange tider - og kanskje litt trollkrem også ...