grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

23 april 2019

Barnebarn er de gamles krone ...


Barnebarn er de gamles krone, fedrene er barnas stolthet (Ordspråkene 17:6).

Eg sitter og ser på eit 23 år gammelt foto av fire gutter i ein sandkasse på Randaberg. Den yngste ser opp, det er Andreas - han som vart vigd til sin kjære Hildegunn Vik påskeaften, 20.04.2019, i Kviteseid kyrkje. Han er nå blitt 25 år og ein av ungdommene, mine barnebarn. Deira søstre er blitt mødre! Det var med stolthet eg deltok i bryllupet på Kvitsund. Brudeparet sa lite, men vart omtalt med ord som varma hjertet mitt. Skulle gjerne ha sagt dei noe godt, men andre sa det på ein betre måte, både Andreas sin far, søster og forlover. I juni er det 60 år siden eg vart gift med Gunvor, mor til mine fem gutter. 21.april i år var det 12-års bryllupsdagen for Bjørg og meg. Gamle folk har minner, mine er gode. Det betyr mye for meg at guttane, som nå er i alderen 50-60 år, kan snakke med sin 82-årige far som venn og kamerat. Og at dei klart viser at dei setter pris på kona mi Bjørg, etter at deira mor og mi første kona vart sjuk og døde frå oss. Eg er stolt over barnebarna som stikker innom oss i Flekkefjord, og viser oss godhet og nærhet. Me takker Gud for dei alle, og priser Herren som lar sin "miskunn og rettferd nå til barnebarn" (Salme 103:17).

16 april 2019

Fantasi og virkelighet



Påskeveka 2019 er komme, me skriver i dag 15.april og eg sit ved TV-apparatet for å sjå ein gjenganger: " Løva, heksa og klesskapet", ei av dei sju fantasibøkene av C.S. Lewis i serien om Narnia,  som kom i årene 1950-56. Samstundes ser eg på dagens nyheter at 8.sesong av fantasiserien "Games of Thrones" kom med sin første svært etterlengta episode i natt. Serien starta visstnok av TV-selskapet HBO i 2011, basert på bøker av George R. R. Martin.
I mellomtida kom "Ringenes herre" i 1954-55,  av J. R. R. Tolkien, og J. K. Rowlings sju kjente bøker om Harry Potter, frå 1997.
Desse seriene, og mange andre liknande bøker og filmserier, handler oftest om kampen mellom gode og vonde krefter i tilværet. Som om virkeligheten her i verden ikkje kan vera fantasifull nok, så er desse historiene gjerne lagt til riker og kloder hinsides det mennesker normalt opplever. Det gamle norske ordet for slikt er eventyr, der kunne mennesker møte både troll og nisser og alver og mange andre slags skapninger. Ikkje alle liker å lese og sjå slikt i dag, siden desse sogene bare er virkelighetsfjerne oppspinn. Eg er ikkje heilt enig. Tolkien og Lewis meinte at siden Gud kunne finne opp og skape ein verden utenom seg sjølv, og menneskene er skapt i Guds bilde, så er også menneskene i stand til å tenke ut sin eigen fantasiverden og "skape" den gjennom bokstaver og bilder.
Narnia-bøkene høyrer til den klassiske barnelitteraturen (sjå bilde av løven Aslan, frå TV). Eg liker dei svært godt, kanskje fordi eg er ein fan av Lewis og alt hans forfatterskap.

Tanker ved Bryllupet 20.04.2019


Bryllup er noe stort og gildt å vera med på, det vil eg gjerne understreka. I juni er det 60 år siden eg vart gift med mor til guttane mine, og på søndag, 21.april, har Bjørg og eg vore gift i 12 år. Tida flyr av stad. Dette bryllupet betyr svært mykje for dere to som er midtpunktene i dag, Andreas og Hildegunn. 
Det vert av og til understreka at kjærleiken betyr alt i ekteskapet, men det er bare ein halv sannhet. Kjærligheten kan svinge frå dag til dag, frå år til år, som andre følelser. Truskapen må følge med, truskap mot kvarandre i gode og vonde dager. Skulle det då vera meir? Å ja, ekteskap har nemlig aldri bare vore ei sak mellom ei kvinne og ein mann, men ei offentlig sak som angår det fellesskapet som dei lever i. Dette kan jo i dag ordnes på eit kontor, men ved eit bryllup vert det så mye tydligere for alle. Og enda meir høgtidssamt vert det ved eit kyrkjebryllup, der Guds velsigning vert nedbedt over brud og brudgom.

12 april 2019

"Tilfeldighet" kan gjerne vere ein benevnelse på Gud.

Det hadde seg slik at eg skulle på ein tre dagers HLF-kurs til Drammen søndag ettermiddag 7.april. Dette gledde eg meg til og pakka veske og ein liten koffert alt på lørdag. Men i 4-tida om natta fekk eg svært vondt i magen og smerter i høgre sida av brystet. Eg måtte på toalettet litt fort og vart sitjande der mens diaréen raste vilt gjennom magen. Så kom kvalmen, eg måtte dra ei bøtte bort til toalettskåla. Bjørg, kona mi, spurte forskrekka: "Kva er det? Har du vondt?" "Ja", svarte eg og måtte motstridande fortelja om alle symptom til sykepleierkona mi. Ho forsto at det måtte vera omgangssyken som hadde angrepet meg; me fekk bare ringe og avbestille både kurset og helsa i dagane framover. I smerte og fortvilelse ba me Herren om å gripe inn. Om morgenen stod Bjørg opp og ordna med frokost. Kvalmen hadde gitt seg, og med møye kom eg meg på beina. Eg måtte på toalettet igjen to gonger etter frokost, men me venta i det lengste med å ringe til HLF. Eg fekk kvile og tok litt nølande til meg av den gode middagen. Skulle eg våge å reise? Eg var engstelig for den 6 timer lange togturen. Ville eg finne toalettet i tide? Eg slapp å grue meg for det; neste toalett-besøk vart på hotellet i Drammen! Kva hadde egentlig hendt? Eg fant svaret i Salme 37:5: "Legg din vei i Herrens hånd! Stol på ham, så griper han inn." 
 
  Mandag skulle eg skifte batteri i høreapparatet, og fant at den eine batteripakningen inneholdt fleire batterier til venstre øyra, men pakningen til det andre, var tom. Eg bruker nemlig forskjellige batterier til øyrene. Nå vart eg fortvila for alvor. Eg endevendte toalettveska mi og fant bare fire brukte batterier som eg skulle ha kasta tidligere, men hadde ikkje funne rette  plass for dei og bare sluppet dei i veska til så lenge. Det er nemlig lett å sjå forskjell på eit nytt og eit brukt batteri.  Nå tok eg dei fram, nedba i tru og tvil Guds velsigning over dei, og satte i gang med å prøve. Det første var dødt, slik eg venta. Dei neste brukte batteriene var sjølsagt også livlause. Men då eg satte inn det siste, reagerte høreapparatet positivt! Med forbauselse og med stor takksemd prisa eg Gud. Han hadde virkelig gripe inn! Tilfeldighet? Aldri i verden. Eg kaster aldri eit brukbart batteri, dei er for dyre og dyrebare for meg! Eg fortsatte å lese i Salmene, og vart truffen av 50:15 ("Kall på meg på nødens dag!") og 55:23 ("Kast din byrde på Herren!"). Kan me kalle på ein "tilfeldighet" når ein er i nød? Nei, men me kjenner ein som kan skape tilfeldigheter. Og det er veldig trosstyrkende å ha han som venn.

04 april 2019

Krise, fare eller mulighet.


Det var John F. Kennedy som tok fram dette kinesiske-japanske tegnet for "krise" i ein tale 12.04.1959. Då sa han at tegnet var satt sammen av dei to tegns for fare og mulighet. Andre har korrigert dette: Tegnet heiter weiji, og det er sant at første delen, wei, betyr fare. Men andre delen, ji, gir ikkje noe meining når det står aleine. På Logos- undervisninga på bedehuset i kveld nevnte Øivind Solheim dette som ei forklaring på anfektelse, f.eks hos Job: Det kunne føre til fortvilelse, men ein kunne også finne Gud og håp nettopp i dette, jfr. Klagesangene 3:20-23 (Min sjel er nedtrykt - dette gir meg håp: Herren er nådig). Jer 29:11 (Jeg vil gi dere framtid og håp).  Gen 50:20 (Gud tenkte det til det gode).  Peter skriver om "deres prøvede tro" (1.Pet 1:7), hans eige tru var blitt angrepen av Satan, men Jesus hadde bedt for han at trua ikkje måtte svikte. Eit nederlag kan føre til at trua døyr, men også i nederlaget er Gud! 
Musikeren og skribenten Leonard Cohen (1934-2016)  sa det slik: "There is a crack in everything, that is how the light gets in." Gud tillater ting, hans Ånd førte Jesus ut i ørkenen for å bli freista av djevelen. Job måtte gjennom alt vondskap og tvil og håpløshet. "Som ein hjort skriker etter levande vatn ... " seier salmisten. Han skreik ikkje forgjeves, Sal 34:7 (Den hjelpeløse ropte, og Herren hørte - og frelste).