grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

20 august 2016

Jødekvartalet i Krakow

I Krakow var det tre plasser me ville sjå: Saltgruva er nok den mest berømte, så ville me ein tur til den store markedsplassen, og til jødekvartalet. Me gjekk til fots, andre brukte turvogn slik som her - spesielle turer til Jødekvartalet, med guiding på norsk bl.a. (via kassett). I vogna her sitter m.a. den svært trivelige og flinke sjåføren vår, Jon Martin Øvreby. Utenfor denne synagogen stansa me litt, det stod ein jøde utenfor, eg prata to-tre ord med han. Skrifta utenfor synagogen var vanskelig å tyde, men hovedorda var "den nye synagogen". Noen jødiske ting var for salg ein annen stad. Denne bydelen hadde vore stor, nå var der bare eit par hundre jøder igjen, vart det sagt  ...
Jon Martin Øvreby og noen av deltakerne vår i ei turvogn (med norsk informasjon) i Krakow

Utenfor "Den nye synagogen", som sikkert er svært gammel, i Krakow.

12 august 2016

Krakow, Bastei, Berlin ... busstur 1-11.aug. 2016

Verden er stor, også i Europa er det mye me ikkje har sett. På bussturen 1-11.august med Hermon Reiser, fekk me koma til Polen og Tyskland og sjå byer me nesten ikkje hadde hørt om i det heile tatt. Interessant reise med god buss og svært altmuligmann av ein sjåfør (Jon Martin Øverby). Mandag kjørte me frå Kristiansand til overnatting i Gøteborg, deretter med nattferja til Gdansk i Polen. Videre til Lotz for ny overnatting, og til Krakow der me hadde ein forvitneleg tur til den verdensberømte saltgruva.Bildet viser Bjørg framfor bildet av "Nattverden", laga i salt.
Me tok svært mange bilder, både i Krakow (markedsplassen, jødekvartalet, etc) og reisa videre til byen Kroclaw, og så over til Tyskland der me var innom den merkelige fjellsida Bastei, som vatnet i elva Elben har forma. Fjellsida er over 300 m høg og går rett ned mot Elbendalen.
Bussen fortsatte til Dresden (overnatting) med sine restaurerte bygg, den hadde jo blitt bomba fullstendig i stykker i slutten av krigen 1945. Så til Berlin, der me hadde fin guida tur omkring, bl.a. var me oppe i Olympiatårnet frå 1936. Neste stad var "marsipanbyen" Lübeck og så til Kiel der ei ny Stena Line-ferje tok oss over til Göteborg'
Sentrum av Lübeck
Me kom greit fram til Kristiansand etter programmet, torsdags kveld. Då hadde me sitte på bussen gjennom 3430 km på gode veier gjennom det mykje katolske Polen og fint gjenreist Tyskland. Reisefølget talte 48 i alt. At me hadde eit par "uhell", var vel ikkje så rart. Bjørg fekk hjertebank og vart dårlig i Krakow, me fekk tak i hotellets lege, ein grei kar som tok EKG og skreiv ut resept på gode tabletter som me fekk tak i samme kvelden - og dei hjelpte godt i dagane etterpå. Også Tobias fekk sitt, lommeboka blei stjålet etter ein handel nedi saltgruva, då han av gammel vane hadde stukke den i baklomma igjen. Valuta til ein verdi av vel kr. 1000 forsvant, men heldigvis ingen viktige papirer ellers. Reiseforsikringa dekker det nok. Herren mottok bønnene våre, og satte mennesker i sving med å hjelpe - det så me gong på gong.
Nattferja Stena Germanica forlater Kiel