grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

29 oktober 2008

Hausttid med farger, flom og snø




Haustfargene blir av gode grunner prisa, men ikkje hauststormane med regnvatn som øydelegg vegar og lager ras og gjer varene i kjelleren utrygge. Me merker det også på Søyland i Flekkefjord - særleg dette med grusvegar og turstiar som vert bekkefar. I går hadde me ein fin soldag, som me nytta fullt ut. I tillegg til ein timeslang gåtur, skifte eg til vinterdekk på bilen, og fekk heim litt ved me hadde kjøpt frå Ersdaltun. I natt kom første snøen, den dekte ikkje over alt nedfalle lauv, men har nok greitt å gje noen bilistar ein støkk likevel. - Me tenkjer vel ikkje så mykje på vår eigen personlege "hausttid", som Odd Børretzen syng om i Paradise Bay: "Nå seiler jeg min siste tur ... Jeg heiser mine slitne seil, jeg kaster loss og drar, nå er jeg faktisk klar, min venn...." - Er han klar? Er eg klar?

27 oktober 2008

Helg i Gyland




Denne helga var me i Gyland, først til bedehus-basaren-lørdags kveld - då kom det inn kr. 55.000 til den nye bedehuset. Grendehuset var fullt av folk og god basarstemning, Kjell Hauan (ImF) talte. Smørbrød og kringle smakte godt og dei to gevinstene me fekk med oss heim vil bli bra å bruka som basargaver igjen. - Søndag var me tilbake til Gyland, først på Grendehus-middag med svinesteik og verdens beste kaffekake. Så hadde me ein lur hos Johannes og Gry på Nedland, og fekk ein fin ettermiddagstur før me igjen var på Bedehuset om kvelden og hørte Gunnar Oseng. Anne Lise Myre Nilsen og Kjell Trodahl sang. Kjekt var det å møte att dei tre guttane til Leif Helge Garvik - på firhjularen til farfar Johannes. Me fekk skikkelig haustvêr begge heimturane, med hagl og sterk vind, flom i bekker og elver og småras langs veikanten.

17 oktober 2008

Heime på Bedehuset igjen


Etter ei fin helg på Lye (40-årsdag til GT på lørdag, søndagsmøte, og gravferda til Oskar Nydal mandag), og ei god hotell-ferie-helg på Revsnes Hotell i Byglandsfjord, var me klare til å starte opp på Flekkefjord Bedehus. Mandagskvelden gjekk til foreningsmøter, mannsforeninga hos Tobias, og kvinnelaget hos Sigrid Nuland. Og på tirsdagen tok møteveka vår til, med Holger Kjølvik som taler og Tobias som fast leder av møtene. Holger bur hos oss denne veka. Det var bra å koma heim att til "høstens virksomhet", men tankene og hjarta er nopk mykje til stades i Awasa ennå ... Så har eg skrive på minnebok med bilder etter Awasa-opphaldet vårt, og fått melding om Marthas blogg frå Kenya . Spennande!