grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

31 juli 2014

Søylandsvarden 395 moh

"Å gå ein tur hjelper for det meste!" skal Søren Kierkegaard ha sagt. Det er mi erfaring også, herlig både for kropp og sinn og tanker. I dag hadde eg høve til ein slik tur eg sjelden tar - bare fire gonger på sju år (ei av desse sammen med Bjørg, ein imponerande innsats av henne når ein tenkjer på den kronglete og bratte stien). I dag var eg åleine og hadde middagsmaten klar til Bjørg kommer heim etter vakt på Sykehuset, så då bar det oppover mot Søylandsvarden, på den smale stien til høgre.
Eg brukte nett ein time oppover, hadde ein matpause ved den vindfulle varden, og forsøkte å "ta ein selfie" før eg tok til på nedturen. Utsikter var bra trass i regnskyene. Eg kjente at turen gjorde godt.

29 juli 2014

Om å tenne eit lys ...

Her kommer litt av eit langt innlegg forfatter og frilansjournalist Øyvind Strømmen hadde i Dagbladet 24/7-2014:
"Eg vil ikkje vera med på den skyttergravkrigen runndt Israel, polarisering av debatten som deler oss opp i to kategorier, ikkje "israelvenn eller palestinavenn", men "dei høgrøysta eller feigingane". Dei høgrøysta er skråsikre for eller imot. Eg vil heller få fram litt av det den israelske journalisten Ari Shavit skriv i boka si "My promised Land - the triumph and tragedy of Israel": "Så lenge eg kan huske, husker eg frykt. Eksistensiell frykt. På den eine sida er det den einaste nasjon i Vesten som okkuperer eit anna folk, og den einaste nasjonen som står ovanfor eit eksistensielt trugsmål. Frykt og okkupasjon har vore dei to søylene vår tilstand kviler på. Observatører på venstresida snakker om okkupasjon, dei på høgresida om frykt. Både frykta og okkupasjonen må med om ein skal tenkja realistisk og moralsk når ein vil fortelja den israelske historia riktig." Eg velger å sjå etter dei stemmene i Israel og Palestina som eg har tru på kan bidra til å få ein slutt på det heile, dei stemmene som peiker ut ein annen veg, dei som ropar etter kjærleik og ikkje verken etter bomber eller boikott." -  Så langt Øyvind Strømmen. Eg ønsker å leggje til: Betre å tenna eit lys enn å forbanne mørket. - For oss personlig har dette blitt meir enn ei sak om meininger og for og imot, siden me har planer om å tilbringa desember og januar i Jerusalem. Det skaper urolige tanker ...

24 juli 2014

Feriebesøk (2)

Så kom Kristen og Elin kjørande til oss tirsdag ettermiddag, med sine etiopiske gjester Gemede Bora og Seble Wongel, som me vart kjent med i Awasa i 2008. Det var svært gildt å ha dei her, me var sammen på turer i godværet, spaserte i byen, studerte både handlesenteret og kyrkja. Dei reiste videre torsdag morgen via Kristiansand til Danmark.
Eg tok også eit fint bilde av dei ute på bryggekanten, kanskje skal eg sende det til lokalavisen Agder, som har etterlyst "agurknyheter" nå i sommer. (Jo, bildet kom i avisen på fredag, eg sendte foto av avissida til Gemede som vart begeistra og ønska få det tilsendt!)
 Kva gjer me så, når gjestene har gått? Sjølv er eg opptatt av at eg skal tale på søndag kveld på Bedehuset, og neste søndag formiddag i Metodistkirken. Og Bjørg har fått sitt å tenke på: Etter eitt år uten arbeid på Sykehuset, fekk ho uventa spørsmål om vakt i dag og tre vakter neste veke. Bjørg er eit ja-menneske, så ho er allerede på post. Heime i den steikande varmen lytter ho fleire gonger daglig etter blomsterplantenes lydløse rop om meir vatn, deira rop blir alltid besvart.


21 juli 2014

Feriebesøk

Det skrivest om både tropenatt og tropedag. Me har det svært varmt, uvanleg varmt både natt og dag. "Ferietida" vår har vore eit bra heimeopphald i år, i alle fall i juli. Me var eit par turer til Nedland i bursdagsselskap for både store og små der. Geir Tore med familie kom innom oss til overnatting onsdag 16.juli med fullasta bil,  og kjørte videre til Kristiansand om morgenen for å nå ferja til Danmark.
Så kom Bent og Ellen til oss samme torsdag - etter at me hadde hatt ein travel dag på Gjenbruksbutikken. Dei har nå vore to år i Ginnir og Filtu i Øst-Etiopia og hadde mye å fortelje om. Dei vart med på "Slåttegraut-møtet" på Eiesland fredags kvedld, der eg talte om å bruke den "laglige tida, for dagene er vonde" (Ef 5:14-16), hadde også eit lite intervju med Bent om misjonærkallet.  Det var fullt bedehus, god mat og mye sang og musikk.
Lørdag var det skikkelig "turdag" for oss, først vel ein time på "mosjonsveien", deretter - om ettermiddagen - ein nesten to timers tur opp trappene til Storhei, og videre innover i heia og tilbake via Helle. Varmt og fint.
Dei reiste videre heim til Skårer (Lørenskog) søndag, og mandagen begynte me på forberedelsene til neste innrykk: Kristen med gjester. Og søndag skal eg tale på bedehuset igjen.

08 juli 2014

Minner, rips og godvêr

Det var i slutten av juli 2007 me var samla på Holmavatn, heile storfamilien, Benedicte hadde også forloveden Jarl med seg (nå har dei nettopp feira 6-års-bryllupsdag), og Bjørg fekk helse på Tobias sin store familie for første gong. Me hadde nettopp flytta inn i nykjøpt hus på Søyland i Flekkefjord, og guttane kom med gaver til oss: rips- og solbærbusker.
Det vart ekstra mange rips i år, heile tre bøtter fulle, av dei tre buskene. Det vart sjølsagt rips med vaniljesaus til dessert i dag, og seinare blir det ripssaft. Me er takksamme for det lille regnet me har fått her, men i ferietida vil me jo helst ha sol og varme - og det har me virkelig fått også!
Ikkje alle har det like godt omkring i verden, tankane våre har gått til Midt-Østen, til borgerkrigen i Syria og særlig til den vonde og uoversiktelige situasjonen for Israel og palestina-araberne i desse dager. Me seier oss ofte stolte av å vere Israelsvenner, men historien til dette folket viser at dei ikkje alltid var Guds venner. dei hadde konger som dyrka framande guder og førte folket vilt. Korleis står det til med lederne i dag?
Me kan ikkje vera med og velsigne eit folk som ikkje er velsigna av Gud. Men ein gong skal det tilsynelatende "forkasta Israel" vende seg til Herren og ta imot som frelseren Messias den Jesus som dei forkasta for 2000 år siden. "Er det blitt til forsoning (frelse) for verden at de (jødene) ble forkastet (ved å forkaste Jesus som sin frelser), hva må det ikke da føre til at de blir godtatt (at de tar imot frelsen i Jesus Messias)? Jo, som liv av død!" (Romerbrevet 11:15). Mens me venter på dette, driver me evangelisering både mellom jøder og hedninger.