grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

24 juni 2013

St.Hans: Tjørhomstevnet og feiring

St.Hans-aften var søndag 23.juni. For meg starta det med det tradisjonelle stevnet på Tjørhom kl. 13, der ein møtelyd på nesten 40 var samla for å høyre sang og vitnesbyrd. Holgar Kjølvik talte over dagens tekst om sauen som for vill og vart funnen igjen. Ove Sandvik har eit godt referat med bilder på nettsida til Flekkefjord felleslag (flekkefjordfelleslag.blogspot.com).
Trygve Myre og Kjell Sverre Trodahl teller opp misjonskollekten
Nelly og Magne Sivertsen hadde bedt noen venner til leiligheten sin i Trellevika, med utsikt til båtene på fjorden og jonsok-bålet "Spiren", som vart tent kl. 22.00. Det vart ei kosestund som avslutning på dagen. NLMs nettsending fekk eg ikkje med meg før mandags morgen, den var både informativ og engasjerande.



Berhanu Ofgaa, generalsekretær i Mekane Yesus-kirken i Etiopia, sa det  slik: Grunnen til veksten i kirken er at den er (1) misjonerande, (2) holistisk, tar vare på heile mennesket, og (3) lutret gjennom prøvelser under kommunisttida i landet. EECMY-kirken har nå over 6.000.000 medlemmer.

22 juni 2013

Simonskyrkja tur/retur

Me ser "Simonskyrkja" frå huset vårt i Flekkefjord, ein fjelltopp på 424/432 m.o.h. Eg hadde lenge hatt lyst til å dra dit, men mangla vegvisar. I ettermiddag drog eg likevel, åleïne.
Eg kjørte til Tjersland der eg fant skiltet til Simonskyrkja like ved det nydelige tømra huset til Astrid Nedrejord. Det vart litt av ein tur. Stien greidde eg å følge forbi restane av ei gammel løe, men så forsvant den og eg måtte snu. Så plutselig fekk eg auga på eit rødt malingsmerke på ein trestamme, og fant ein ny og betre sti, den rette. Denne snodde seg oppover knauser og nedover kløfter, over myrer og gjennom skogholt. Etter mykje slit og ca 1 time og  15 minutter nådde eg toppen og foreviga utsikten og fekk meg litt vatn og ein banan.
 
Men å klatre nedover samme vegen hadde eg lite hug på, den var våt og glatt mange stader. Derfor tok eg ein annen veg ned att, godt merka. Eg kom ned til ein grusveg. Men skulle eg nå ta til høgre eller venstre for å komme tilbake der eg hadde bilen? Eg måtte jo bare velge, var innom eit par små gardsbruk utan folk (trudde det var Nedrejord, men sannsynligvis var det Rødland), traff på ein eldre gubbe på "Slettå", han var ikkje til noe hjelp, viste det seg. På vegen han sendte meg møtte eg ein bil og fekk forklara at eg fant ikkje turkartet mitt til mykje nytte. Eg fekk sitja på hos han ned til Seland og videre til Nuland og så kjørte han meg like så godt heilt til Tjersland der bilen min stod. Det viste seg at han var ein fjern slektning med oldefaren frå Sinnes - det har jo eg også.(Siden han kjørte meg heilt på plass måtte eg tenkje på at eg hadde samme morgen kjørt eit par afrikanarar til toget på Sira då eg kjørte Bjørg dit - den eine tenesten er den andre verdt!) Eg kom meg inn i bilen nett tre timer etter at eg hadde starta på turen min, og så kom regnet - heldigvis ikkje før. God ende på ein fin tur! Og så smakte det med kaffe og beinstrekk etterpå.

19 juni 2013

Kjell Wittersø 1939-2013

Kjell "har fullført løpet", inkludert ei vond slutt-tid. "Nå ligger rettferdighetens seierskrans ferdig for han, ... den som Herren skal gi alle som med kjærlighet har ventet på at han skal komme" (2.Tim 4:8). Han og kona Aase var i arbeid i Etiopia i 20 år, eg husker han spesielt på den store bulldoseren da han rydda skogen i Wondo Gennet - nokre km frå Awasa, for å starte opp jordbruksskolen vår der. Så vart han i 19 år vaktmester på Kvitsund Gymnas. I 2008 overtok Bjørg og eg som styrerpar på NLM Resort (Ferieplassen) i Awasa etter Aase og Kjell (sjå bildet, tatt av Jorunn Sørbø). Han var ein trufast misjonsarbeider, heime som ute, svært flink fagarbeider og gild medarbeider. Me takker Herren for det arbeidet Kjell og Aase har lagt ned, og lyser fred over hans minne.

12 juni 2013

Felleslagets busstur til Solgry

11-12.juni 2013 drog nesten 40 venner frå Felleslaget på busstur via ferje til Karmøy - Avaldsnes kyrkje - leirstaden Solgry i Sveio kommune (middag og overnatting) - videre til Talje og Finnøy (middag på Utsyn leirstad) - og så heimatt. Det vart ein svært fin tur, med Ove Sandvik og Kjell Sverre Trodahl som reiseleiarar. Fleire hjalp til slik at me fekk ein godt guida tur på alle vis. Høgdepunktene var nok Avaldsnes kyrkje og Jostein Gard som førte oss inn i soga til den gamle Talje kyrkje og blomsterdrivhuset, i tillegg til gode middagsmåltider og gild samlingskveld på Solgry. Jørn Slimestad var vår rutinerte sjåfør.

Matpause utenfor Avaldsnes kyrkje på Karmøy


Tobias og Nils Nilsen  prøver å "rette opp" den eldgamle bautasteinen, 7 m høg, med toppen bare 9 cm frå kyrkjeveggen

Bjørg i blomsterdrivhuset til Jostein Gard på Talje

Jostein Gard, Kjell Sverre Trodahl og Ove Sandvik på Talje

Talje kyrkje frå 1150 blir tatt godt vare på

Reisefølget med Sirdalsbussen utenfor Utsyn leirstad

07 juni 2013

Fast Grunn like fast som før

Du har kanskje som meg hatt Fast Grunn i mange år, bladet er nå i sin 66. årgang og kjent av svært mange. Men nå er det altså forandret og fått nye redaktører: Knut Kåre Kirkholm og Gjermund Nordhus, et "magasin på luthersk grunn, som har til hensikt å stimulere til refleksjon og være til hjelp i etterfølgelse av Jesus Kristus". Hva er så forskjellen? Det tidligere FG var kanskje mer dogmatisk og "solid" NLM-tidsskrift, men grunntonen er den samme. Nå er nr. 2/2013 kommet med artikler om bibelsk gjennomgang av kristen forvaltertjeneste, kjøpekultur og økonomi. Forfatterne er velkjente: Arnfinn Løyning, Hans Kvalbein m.fl., og vi får interessant biografisk stoff om bonden Egil Grandhagen og helbrederen Olav Eikemo. Bokmeldinger og stoff fra våre misjonsfelt hører også med. Det nye Fast Grunn er like leseverdig som det gamle, bare litt annerledes.

06 juni 2013

"Genesis-gåtene"

Sivilingeniør og pastor Kåre Skuland har gitt oss denne spenningsromanen der "de store verdensreligioner grunnfjell, anerkjent vitenskap og selve historiens gang står på spill." (Hermon forlag, 2013, 400 sider). Vårt lokale bibliotek skaffet boken og jeg las den med forventning som ikke ble helt innfridd. Historien hopper nemlig fra den ene usannsynlige hendelsen til den andre, det er vanskelig å se om de merkelige personene er venner eller fiender, om de tilhører oldtiden eller nåtiden. Likevel ga den meg nye tanker om toledot-avsnittene (slektshistoriene, leirtavlene) som Moses kanskje brukte som kilder til Genesis-fortellingene (1.Mosebok). Vi får glimt av arkeologiske utgravinger og tyding av både kileskrift og hieroglyfer. Forfatteren legger stor vekt på de bibelske skriftene som autentiske, historiske kilder. Han regner med Amenemhat III (1860-14 f.Kr.) som Egypts farao på Josvas tid, og vi leser om oldtidsbyene Ebla, Eridu, Mari, Susa og Ninive. Boka blir nok ikke folkelesning, men interessant for meg og andre spesielt interesserte.

05 juni 2013

Besøk i Rorbua, Bømlo

Under regionsårsmøtet fekk me overnatta på Bømlo, i Rorbua til Lillian og Arne. Det var ei fin oppleving! Kari og Johannes Olafsson var også med oss. Rorbua var svært fin, godt utnytta, og Lillians kveldsmat og frokost alle tiders. "Driftige folk i vakker natur!" (kommunens motto). Bileta her er tatt av Lillian, rorbua i midten er deira (Grindheimvågen).

03 juni 2013

Lotto og sommeraksjon



I mai hadde eg ein 5-vekers Lottokupong med Joker, det er minst ti år siden sist. Mange NLM-prosjekt planla eg å støtte med store beløp, og barnebarna hadde sikkert også bruk for penger. Sjøl har eg nok og ikkje behov for noe ekstra. Det vart dagdraumer kvar veke og spenning kvar lørdag. Resultatet? Kr. 170, som dekte det meste av innsatsen. Eg vart sjølsagt skuffa, men ikkje verre enn at eg takka Vårherre som syter for oss utan bruk av ein svikfull lottogevinst.
Så gjekk mai over i årsmøtet for NLM Region sørvest 1-2.juni. Då kom NLMs "sommeraksjon 2013" med utfordring om å "gå lenger ut" med evangeliet, også til unådde muslimer i Nord-Afrika. Eg hadde brukt "fast givertjeneste" i mange år, i dag har eg sendt inn brev om avtalegiro for å auka beløpet. Paulus har eit godt råd til den unge Timoteus: "Har vi mat og klær, skal vi nøye oss med det." (1 Tim 6:8). Men han tenkjer også på dei andre og vil gjerne nå lenger: "Når det gjelder innsamlinga ... så skal hver enkelt av dere hjemme hos seg slev, på den første dagen i uken, legge til side så mye som dere er i stand til." (1 Kor 16:1-2). Amen.