grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

28 september 2013

Ei travel og engasjerande veke

Eg slutta siste blogginnlegget mitt med å nevne ein gammel misjonsmann som låg for døden, det var Fridtjov Nuland - han døde tirsdag 24/09. Kona Sigrid er sterk, men å stå aleine er ikkje godt - me prøver å støtte henne nå i tida før gravferda om noen dager. Onsdag var det internasjonal samling på Bedehuset, det var Eritrea-folk som ordna med indjera og wott til alle dei som fylte opp salen, både afrikanere og nordmenn. Fin samling for vennskap og kjenskap!
Torsdagen måtte me til Gjenbruksbutikken og kom ikkje heim att før kl. 17.00. Ein time etterpå var me på Bedehuset for å gjera i stand matsalen til minnemøtet for Leif Jan Krogedal dagen etter. Begravelsen var frå Flekkefjord kirke - som vart meir enn fullsatt fredag, jordfestelsen foregjekk på ein liten gravplass på Kvanvik utenfor byen. Eg la på tre kvite roser på båra i kyrkja og hadde eit takkeord for det Leif Jan hadde vore for oss alle. Eg tok også opp kollekten ved utgangen, ei minnegave til NLM på vel kr. 28.300. Så hadde eg også minneord om Leif jan i Agder, det kom samme fredagen, med dette bildet:
Matsalen på Bedehuset var stappfull under minnesamværet, kanskje 150 var samla der - med gode minner og sanger. Leif Jans brør sang sammen, Einar Krogedal leda samværet. ... Me var heimom som snarest før me måtte tilbake til Bedehuset der bedehusbasaren skulle starte opp seinare på kvelden. Bjørg solgte basarlodd og eg solgte "årer", me kjøpte oss mat og lytta til det Odd Bjørn Tjøstheim hadde å seia oss frå Guds Ord.
Journalisten Svein Løvland i avisen Agder var der også og tok bilder og intervjua taleren Tjøstheim:
Basaren fortsetter i dag (lørdag) med samme opplegg som på fredag. På søndagen skal eg tale på Tonstad bedehus om kvelden og Bjørg skal synge i Musikklaget, på Liknes Bedehus (Kvinesdal). Det skal bli godt med noen fridager i neste veke. Og så er det bra at også pensjonister kan bli brukt ...
 
 
 

22 september 2013

"Den siste fiende - døden"

Det kjennest som om døden har komme nærare oss dei siste to dagane, til våre venner og i våre tanker. Fredags ettermiddag fekk me melding om at ein av våre beste venner og medarbeidarar i misjonen vår her i Flekkefjord, Leif Jan Krogedal (74) hadde sovna inn. Han hadde ikkje vore sjuk, men middagsluren den dagen vart hans siste søvn. Me savner han djupt.
Lørdag kom dødsbudskapet frå Amerika. Virginia (87) hadde gitt etter for sjukdommen. Ho var ein av Bjørgs slektninger som me hadde gjesta i 2009.
Me besøkte ein eldre av Bjørgs slektninger på Sjukeheimen lørdag. Han låg i senga utan kontakt lenger med kona og andre som kom innom. Dei hadde vore våre trufaste forbedarar i åra våre i Etiopia og sendt gode julekort kvart år ...
Dette seier Herren i sitt Ord: "Kristus har  stått opp fra de døde ... deretter, ved hans gjenkomst, følger de som hører Kristus til. Gud har lagt alle fiender under hans føtter. Den siste fienden som vert tilintetgjort, er døden." (1 Kor 15:20-26) "Og jeg så en ny himmel og en ny jord  ... og Guds bolig hos menneskene. Han skal tørke bort hver tåre fra deres øyne, og døden skal ikke være mer, heller ikke sorg eller skrik eller smerte. for det som var en gang, er borte." (Åpenbaringen 21:1-4)

14 september 2013

Soningsdagen

Dagen i dag er den mest hellige i jødedommen, den store soningsdagen, omtalt i 3.Mosebok 16. Og den blir feira i Israel med bønnerop om tilgivelse (sjå bildet), med anger og bot, og med gode gjerninger (penger og mat til de fattige). Også verdslige jøder deltar i feiringa. Gatene er tomme for biler, ingen tar til seg mat eller drikke. Templet har vore borte i dei siste 2000 årene, ofringene som Gud bestemte i Moseloven, kan ikkje gjerast. Men noen ultraortodokse jøder bekjenner sine synder mens dei svinger ein kylling over hovudet tre gonger og så slakter den og gir den til dei trengande. Dette kalles "kapparot", ordet minner om "yom kippur" (soningsdagen). Andre bekjenner misgjerninger og lover eit betre liv mens dei kaster små brødsmuler på rennande vatn og husker Mika 7:18-19, dette kalles "tashlix" (bortkasting). Kvifor alt dette? Jo, fordi dei har ikkje tatt til seg ordet om "Jesus som gjekk inn i helligdommen med sitt eige blod, ein gong for allle, og kjøpte oss fri for evig", Heb 9:12-14.