grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

26 september 2016

Kva rører seg i NLM?

Lederkonferanse, NLM, 24/9/2016 på Tryggheim Forus, Sandnes, forteller litt om det som NLM er opptatt av i vår kirkelige situasjon i dag. Samtaletemaene under  konferansen var:

(1) Birger Helland: Vårt forhold til Dnk i lys av kirkemøtet.
(2) Jan Helge Aarseth: Hyrde - og eldsteansvaret i våre misjonsfellesskap
, realisert i våre forenings-sammenhenger (Håkon Helgøy) og i ein misjonsforsamling (Jan Ove Selstø, Ebeneser)

Mange kom til konferansen, og mange hadde ordet. Anklagen mot Dnk var så sterk at videre samarbeid synest umulig, utmelding vart anbefalt sterkt. NLM-trussamfunn vart berre nevnt ein gong, av Tobias, som ikkje syntest det var noe godt alternativ å melde seg inn i, fordi dette trossamfunnet mangla lokal tilhørighet. Mange meinte det var ikkje nødvendig for dei å vera innmeldt i eit kirkesamfunn, når dei sto i Jesu kirke, i den sammenhengen NLM eit lokalt misjonsfellesskap gir, og ha sitt navn i Livets bok.
Temaet om menighetsordning starta med ein gjennomgang av kirkeordninger (synodal, episkopal, presyteriansk, kongregasjonalme) og den lokale forsamling i Apg 2:17-21 etc.,
om hyrder og eldster som kan "innsettast" etter nådegavelinja (når Gud gir) og ved valg (som forsamlingene gjer). Det er viktig at me har nådegaven til å finne og bruke Guds nådegaver i forsamlingene. I byforsamlinga (Ebeneser) fungerte eit tremannsstyre for nattverdforvaltning i praksis som eldsteråd. Styret hadde meir adm.oppgaver. Svært viktig at eldsterådet er synlig, og offentlig. To-tre mindre misjonsfellesskap kunne gjerne gå sammen om søndagsmøte kl. 11, når det ikkje var gudsteneste der då. Bedehus med både NLM og ImF, og vansker dette innebærer, vart ikkje drøfta. Konferansen som helhet var nyttig, uten at den løyse alle problemer. Ein slik lederkonferanse ville vore nyttig også i regionens lokale områder.

19 september 2016

Gild helg på Bjarnes "friplass".

Helga 16-18.september kjørte me dei 110 km til Ådneram og tok inn i Bjarnes velutstyrte hytte. Sola skein over den grastekte hyttebyen heile helga, og me fekk slappe av med turer og lesing. Det var herlig å koma bort frå byen nokre dager, og sjå andre utsikter og kjøre andre veier. Ådneram hyttesenter har ein god "fjellbutikk" som dei mange turistene og hytteeigarar setter stor pris på.
Dette sølvblanke geviret henger på stueveggen.  

















14 september 2016

Ønske om forbønn: Lær meg å kjenne dine veie, og gå dem trøstig skritt for skritt.

Når me ser tilbake, ser me at Herren har vore med og styrt skritta våre. "Det var ein styrelse i det", sa mor og sikkert mange med henne. Me har mykje å takke for! Men i dag ser me ikkje alltid denne styrelsen. Eg vert lei meg når eg ser at styrken er redusert på grunn av alder og meir eller mindre kronisk sjukdom. Kroppen tvinger fram kontinuerlig behandling, og tvilen på egen brukbarhet og på Guds inngrep sniker seg fram. Så er me litt i denne stillingen i dag: Kvar går så vår vei? Kva har Gud planlagt? Greier me å halde fram i arbeidet på Gjenbruksbutikken? Og kva med virket vårt på Bedehuset og mellom innvandrarane? Da Moses stod framfor eit mykje større problem enn vårt, og la det fram for Herren ("hvis det er slik at eg har funne nåde for dine augo, så vis meg nå din vei ..."), fekk han dette løftet: "Mitt ansikt (=Eg sjølv) skal gå med, og eg vil la deg få ro." (2.Mosebok 33:12-17). Veien er ikkje alltid like klar og rett, men det er løftet: "Og Gud makter å gi dere all sin gave (egentlig: nåde) i rikt mål, så dere alltid og under alle forhold har nok av alt, ja, har overflod til all god gjerning!" (2.Korinterbrevet 9:8)

07 september 2016

Chai - liv

Eg fekk nettopp ein Mail  fra det hebraiske universitet i Jerusalem, avdelingen som arbeider med språkopplæring, om betydningen av desse to bokstavene CH I, uttales chai. Ordet betyr "liv" på hebraisk, men bokstavene har også ein tallverdi, nemlig 18. Alt i samband med 18 ser dei på som ønske om eit godt liv, f.eks. å gje 18 shekel som gave. Bokstavene er ofte brukt som smykker, og eg har dei på t-skjorta mi. ( Bokstaven CH uttales ikkje som om det var engelsk, men som CH i det tyske navnet Achen).




06 september 2016

Refleksjoner etter strevsam tur.

Eg står ved "Løven" på vei til Brudle. (Foto: Kirsten Moi Øvstedal, Agder)
Det var søndag 4.sept 2016, Flekkefjord turistforening (F.O.T.) hadde lenge planlagt tur over heia frå Josdal til Salmeli. Den vert omtalt som Brudle-veien og skulle opnast i nærvær av fylkesordfører, fleire andre lokale ordførere og ledere i FOT. Strålande vær gjorde nok sitt til at 200 bussa opp til henholdsvis Salmeli og Josdal. Eg vart med, under tvil, ville eg greie turen? Oppstigningen var svært hard i bakkene opp frå Josdalsstølene, min kondis for dårlig for slikt, og lårmusklene kjentest vonde. Men eg vart med dei tre timane inn til Brudle, og ved "Løva" fekk Agder meg også med på eit foto. Etter ein times matpause med snorklipping etc, bar det mot Salmeli, nye tre timer på svært blaute stier. Nesten framme oppdaga eg at eg hadde mista mobilen min, ein god iPhone4S som eg hadde fått av guttene for nærare tre år siden. Eg vart lei meg. Var turen verdt dette? Eg vart skrekkelig sår i leggene i dagene etter. Men likevel: Eg fekk følge hjertet mitt i dette, sjøl om forstanden rådde meg til å bli heime. Men ein ting veit eg: Det vart nok min siste heietur  til Salmeli! (Kjøpte meg ny iPhone5S på mandag, heldigvis hadde eg ein god iPad fått av Bjørg til min 75-årsdag).
   Siste tur ellers i fjellheimen der, var den 14.sept.2014, då eg var med FOT frå Josdal til Hovknuten (920 moh) og videre til Brudle (ca 750 moh) , og så heim att via Josdal.
Ravnestølbrotet (2014)