grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

24 juni 2009

St Hans - Jonsok


Sommersolverv er over, Santhansaften likeså. På bildet har me oss ein tur til den "felleskristne" feiringa på Wahlsodden i Flekkefjord. I dag "feirer" me døperen Johannes sin dag, 6 måneder før jul. Han vart kalt til å vera ein forløper for Jesus og teksta me las i dag tidlig forteller dette klart, Joh 10:41: Mange kom til Jesus og sa: Johannes gjorde nok ingen tegn, men alt det Johannes sa om denne mannen, var sant! Det er mitt høgste ønske å få tala sant om Jesus, min Frelser og Herre. Men Johannes måtte gå i døden for sitt vitnesbyrds skyld ...

23 juni 2009

Fjellhaug revisited




Noen få 50-årsjubilanter hadde funne vegen til elevstevnet på Fjellhaug 20-21.juni. På bildet ser me frå venstre: Marie og Torleiv Vegge, Erna Olsen, Ole og Laila Turøy, Olav Fjose, Ingrid Hillesund, Hildur Fjose, Tobias og Bjørg Salmelid. Me fire mennene hadde gått sammen på Misjonsskolen i årene 1953-59. Eg hadde helsinga frå vår klasse under jubileumsfesten og forsøkte å formidla litt av den betydninga studietida vår hadde hatt for oss personlig og for arbeidet på misjonsfeltet vårt: - På Fjellhaug fekk eg lære å kjenne det bibelske grunnlaget for den barnetrua eg hadde hatt med meg heimantfrå, og for misjonærkallet mitt. Og så vart eg skikkelig kjent med Misjonssambandet, som eg har vore medlem av og arbeidt i gjennom desse 50 åra. Øivind Andersens timer i Romerbrevet og troslære merka gudslivet og arbeidet vårt for alltid. Han visste at me i framtida ville få spørsmål som han ikkje kunne hjelpe oss med, og gav oss eit Gudsord som me ikkje så snart gløymer, Jer. 33:3: Rop til meg og jeg vil svare deg, jeg vil forkynne deg store og ufattelige ting, ting som du ikke kjenner. Måtte Fjellhaug fortsatt få vere til velsigning for Guds Rike!

15 juni 2009

"Pakten" - drama i Kongeparken


Elisabeth og Robert Muren framførte deler av sin musikal "Pakten" (The Covenant) i Kongeparken søndag ettermiddag. Ekteparet Muren bur i Israel med sine tre barn. Alle deltok i denne dramatiske musikalen (sjå bildet) som viste glimt fra jødenes historie fra Guds pakt med Abraham til opprettelsen av staten Israel i 1948. Det gjekk igjen i heile musikalen korleis Herren greip inn og berga dei i ulike nødssituasjoner: Daniel i løvehola, Ester, Rut, holocaust - og eit sterkt bønnerop til Han om å stå ved sin pakt også i dagens situasjon. Musikalen er blitt framført i Israel og 13 andre land. Den etterlot seg eit sterkt inntrykk. Israel står ikkje aleine !
Den internasjonale kristne Ambassaden i Jerusalem stod for det store arrangementet, og dei 3500 frammøtte Israels-vennene fekk også høyre ambassadør Michael Eligal, Arvid Bentsen, Steinar Harila, Sten Sørensen og fleire. I forsamlinga traff me kjenningar frå "alle" stader mellom Bømlo og Kristiansand. Seinare på kvelden kom heile møtet i opptak på "Visjon Norge" sin TV-sending.

14 juni 2009

Gjestfrihet uten grenser!


Tur til Salmeli lørdag i strålande sol. Me plukka opp Gry og Johannes Garvik på Gyland. Dei hadde ikkje vore i Salmeli før, derfor det obligatoriske bilde oppe ved fossen. Grillmat, kaffe og lapper hadde me med oss og hadde ei fin matøkt i ly av fjøsgrunnmuren "der ude". Astrid og Åge Olsen kom til Lia litt seinare, Åge hadde kjøpt seg ein ny "seks-hjuler". Astrid viste oss rundt i huset - skikkelig museumstur! Og fordi ho enda ikkje hadde fått til dagens lapperøre til eventuelle gjster, fekk me ei sjokoladeplate i staden! Astrid og Åge er i sannhet verdige arvtakarar av generasjonar av tidligare gjestfrie Salmeli-folk! Astrids bror med familie hadde leigd Steinars hytte, "Botnløa", ellers var det ikkje andre i Salmeli denne fine sommerdagen. Det var faktisk to år sidan Bjørg og eg sist hadde vore her. Staden oser av minner og soger ...

08 juni 2009

Tur til Ronåsen


Etter ein travel møtedag lørdag, og med tre møtedager i begynnelsen av denne veka, måtte me bruke søndagen på rette måten, nemlig å kvila. Kort sagt: På ettermiddagen kjørte me til Nedland i Gyland og fekk Johannes og Gry med oss som guider til Ronåsen, ein times gåtur frå parkeringsplass. Ronåsen er ein høgde mellom tre vatn, ein karrig buplass i over 250 år frå 1650-årene. Grunnmuren til bustadhus og fjøs står delvis igjen og på bildet sitter me på trappehella der inngangsdøra hadde vore: Gry, Tobias og Bjørg (Fotograf: Johannes). Det var ein fin tur som ikkje vart skada av litt yr og masse mygg då me satte oss for å kvila litt på den gamle buplassen.

Hvorfor NLM?


Dette var emnet som vår framtidige kretsleder Birger Helland hadde som innledning til samtale under kretsårsmøtet på Nærbø 6.juni. Han brukte heldigvis ikkje tida på å repetere dei gamle NLM-kjepphestene: "lekmannsarven", "Ludvig Hope", "... men ikkje under kyrkja", "nådegavenes frie løp" osv. Kort og engasjert heldt han fram dei grunnelementene i NLM som utgjer organisasjonen og vår tilknytning til den:
(1) Bibelen er Guds ord til frelse ved forkynnelsen som ein høyrer. Bibelopplæring er nødvendig, likeså fleire forkynnarar.
(2) For dei truande er det nødvendig å finne sin plass for troens kamp, nemlig i dei heilages samfunn, i ein menighet. Åndelig liv trenger åndelig føde. Ut fra dette samfunnet kan me også fullføre misjonsbefalingen og vår vitneteneste utover bedehuset.
(3) Misjonsbefalingen gjelder alle folkeslag, Jesus meinte alle. Me kan ikkje velge bort denne Jesu ordre ved å seia at me trengst mest i nabolaget og mellom innvandrarane. Misjonsgjerninga ute er kostbar, både når det gjelder liv og penger. NLM må leggje det til rette slik at du får realisert ditt misjonslkall. Det følest fælt om me ikkje da har penger nok til å sende ut våre misjonærer. (Bildet viser Birger Helland på talerstolen i Nye Loenhallen på Nærbø, ved dirigentbordet sitter Kjell Nes og Håkon Helgøy. Det nye kretsstyret består av: Morris Kjølleberg, Paul Aano, Arild Melberg, Raymond Bjuland, Eivind Kittang, Lorents Nord-Varhaug og Kjetil Muren. Neste kretsmøtet blir på Vikeså 12-13.juni 2010)

02 juni 2009

Familiesamlinger


Sommeren blir prega av store familiesamlinger: Konfirmasjonene til Aurora (Skårer) og Andreas (Kvitsund) 23-24.mai samla dei fleste av storfamilien Salmelid. Den teller nå 31, inkludert 16 barnebarn og 3 "svigerbarnebarn" in re og in spe. Det er stor rikdom, mange å vera stolte av og takksamme for! Pinsehelga var vi hos Arne og Lillian på Bømlo (sjå foto), vi 12 i +40-årene, for å feire Lillians 50-årsdag post festum, sjå Mostraspelet og hygge oss sammen. Neste samlinger for dei fleste av oss vert bryllupet til Marie og Thorbjørn på Kvitsund, og NLMs generalforsamling i Bergen. Vi gler oss!