grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

26 februar 2007

”Ei gave frå Herren”


Ja, slik er ei forstandig hustru omtalt i Bibelen (Ord. 19:14). For 50 år siden sendte Herren Gunvor i min veg, han såg at eg trengte henne som ektefelle og medarbeider gjennom livet. Så tok han henne heim til seg før mi eiga livstid var omme, og gav meg ei ny: Bjørg Nedland, NLM-misjonær i Tanzania 1968-91, operasjonssykepleier i Flekkefjord. Me er blitt glad i kvarandre og ser det som Guds vilje at me skal få vera til støtte og hugnad for kvarandre i dei dager og år som Herren fortsatt måtte gje oss. Me er ikkje sambuarar enno, det vert me først etter vielsen 21. april i Gyland kirke og bryllupsfest på Tonstadli. Me gler oss mykje til bryllupsdagen saman med våre nærmeste. Bjørgs hus i Flekkefjord vert heimen vår etterpå.

23 februar 2007

Husk ”Tabor-opplevinga” di!


Kva gjer me når kvardagens oppgaver vert tunge å bera, og vår eiga svakhet vil ta motet frå oss? Disiplene som var sammen med Jesus på fjellet, greidde ikkje å mestra oppgavene dei møtte da dei kom ned att. Men Jesus var der og ordna opp for dei, Matt 17. ”Tabor-opplevinga” gløymde dei aldri, der hadde dei jo fått sett Jesus som den herlige og allmektige Guds Son, Joh 1:14; 2 Pet 1:16. Du skal også ta vare på ditt ”Kristus-syn” eller ”løysingsord”. Minn deg om det når trua di vert svak og tåket. Paulus sitt ”himmelske syn” utenfor Damaskus gav han pågangsmot og lydighet i dei oppgavene Herren førte han inn i, Ap.gj. 26. Les om igjen dei orda du har understreka i Bibelen din, det var nemlig der du fekk din frelsesvisshet og din frimodighet. Og det er nettopp der du får den igjen! (Fra min andakt på Randaberg 23/2 og Bryne 25/2)

19 februar 2007

Fastelavenssøndag hos kjæresten





Ein fin og solrik søndag i Flekkefjord, på besøk hos kjæresten min, Bjørg! Venner til kvelds lørdag, gudsteneste på Gyland kapell søndag, tur til Lilleheia om ettermiddagen, og søndagskvelden på bedehuset der Bjørg deltok med kremboller og i musikklaget. Reidar Mæstad talte om Jesus som ga den blinde synet igjen, og Kjell Svindland leia musikklaget som han "alltid" har gjort. Avslutninga med boller og kaffi ga oss tid til samtale med gamle venner og nye kjenningar. Ei trivelig helg!

12 februar 2007

- Det er jo min åndelige heim!

Han sa så, den trufaste bedehusvennen og forkynneren gjennom mange år, Lars Sørbø (83), då eg bemerka at han hadde vore trufast med på møteveka eg hadde hatt på Bru og Sokn Bedehus. Me hadde talt saman om Guds arbeid med bygging av sitt rike og oppbygging av dei truande. Folket hadde møtt trufast opp, også unge foreldre med småbarn som helst ville springa omkring. Det var gildt å sjå. ”Det går ikkje alltid like bra for meg. Eg treng noen til å passa på nå”, sa Lars og såg bort på kona Marit, som sat ved sida hans. ”Ja, det er visst noe me alle treng til”, svarte eg. Lars og Marit har fått oppleva å ha fleire av borna spredt omkring i forskjellige oppgaver i Guds rike, på Kvitsund, i Sør-Amerika og som aktive på bedehuset. Måtte Herren gjera oss alle bevisste på kvar me har vår åndelige heim.

05 februar 2007

Tanker ved eit gravminne


Nå er minnesteinen på Gunvors grav på plass, og det er me takksamme for. Den har også plass til mitt navn, når min tid kjem. Godt at alle våre tider (=år) er i Herrens hand (Salme 31:16). Me planlegger framtida vår, og det har me rett til å gjera - og gjer det i bønn Herren som har lova å ta seg av oss og vår sak (Job 16:21), ikkje sleppe oss eller forlate oss (Heb 13:5), og til og med gå foran oss og jevne bakkar og hogge i stykker bommer av jern (Jes 45:2-3). Og så er det velsigna godt å få dele liv og tanker med eit anna menneske i den tilmålte tida eg har igjen her nede på jord!

01 februar 2007

Vedlikehold og fornying


Eg hadde bilen på verksted denne veka, det gjaldt årsservice og EU-kontroll. Sjøl hadde eg ikkje merka at det var noe galt med Polo’en, og det var det egentlig heller ikkje. Men verkstadfolka skifta ut slitne deler, kontrollerte kuler og foringer, og bremser og hengsler. Det kosta jo ein del, meir enn eg hadde rekna med. Men vedlikeholdet hadde altså vist seg å vera nødvendig. – Eg skal ut og preika fleire gonger nå i februar. Tankane går til det åndelige vedlikeholdet av meg sjøl, og til årsmøtene på bedehusene omkring. Nehemja var Guds redskap da Jerusalems murer skulle byggast opp att, og Esra sørga for at folket forsto det Gudsordet som vart lest for dei. Er våre egne nådegaver i ein slik stand at Herren får bruke dei når han bygger sitt rike mellom menneskene?