grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

29 juni 2008

Awasa ferieplass i Etiopia


Bjørg og eg har nå vore 3 måneder ved Misjonssambandets ferieplass "NLM Resort" ved Awasasjøen, 260 km rett sør for Addis Abeba. Me skal bare ha 2 vekers opphald i Norge på grunn av Benedictes bryllup og diverse møter - så drar me tilbake til nye 3 måneder som styrerpar på ein hektisk ferieplass, konferansesenter og transittopphald for misjonærer på veg til arbeidsfelt i utkantstrøk av det vide Etiopia. Me trivest godt. Om me ikkje får anledning til å forkynna evangeliet der, så prøver me å gjera vår til at evangeliet blir forkynt (av andre). Velkommen til å ta kontakt via epost til resortplace.ethiopia@nlm.no. Helsing frå Tobias Salmelid