grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

23 desember 2019

Feiring av vintersolverv 21/12/19



Me hadde blitt kjent med to unge jenter frå Afghanistan, det var Bjørg som hadde helst på dei på eit "Grenseløst treff" på bedehuset. Me kan kalle dei "Natta" og "Perla" etter det navnene deira betyr. Ho ba dei heim til oss, dei gjekk på språkskolen i byen og hadde lært så mye at me kunne snakke sammen. Så kom dei innom oss igjen etter at dei hadde fått leige seg ein betre og billigare leilighet bare 7-8 minutter frå huset vårt. Den måtte me sjå, og då fekk me invitasjon til å komme innom igjen på lørdag, då skulle dei feire solverv kl 21. Det var ein feststund som alle desse "-stan-statene" feira. Tre andre damer fra Syria var inviterte, norsk var einaste språket me hadde felles. 
 
 Matbordet var fylt av peanøtter, mandler, twist, smågodter og brus, avokado, vannmelon fint oppdelt, frøene av granatepler, "trekantkaker", friterte kyllingstykker, kaker med knuste nøtter, m.m. Alt smakte svært godt. Etter eting og prating fortalde dei afghanske jentene at dei likte godt å danse i slike selskap, satte på ein slags "østen-musikk" og dansa etter den, lett og fulle av latter. Dei var søstre, 20-23 år gamle. Natta, den eldste, likte best å svinge seg til musikken, ho var forlova med ein afghan i Sverige, han hadde fast arbeid der. Ho var svært flink til å lage mat. Perla laga ikkje mat, ho dansa heller ikkje. Sjøl sa ho at ho likte å lesa, ønska seg litt musikkundervisning, og ville gjerne bli politiker.
   Om dei las i Koranen? Natta sprang og fant boka, for kvar linje på arabisk var der ei ekstra linje på afghansk med små typer. Me minna om at Gud sendte Jesus (Isa) som vår frelser, ei gave til oss. Me er takksamme for den gaven og gir også gaver til barna våre nå ved juletid. I gamal tid vart nok også vintersolverv feira i Romerriket, og i vårt eige land, med etter at folket var blitt kristne, hadde dei feira Jesu fødsel som jo var om lag på samme tida. Me sa at me ba til Gud for jentene, og fekk høyra at dei snakka om oss som sine "reserve-foreldre ". Ei fin kveldsstund utenom det vanlige!

19 desember 2019

Mest leste bibelord i 2019, og i 1936



I Dagen 19.12.2019 stod det at «Bibel-appen YouVersion har kåret Filipperne 4,6 til det suverent mest populære bibelverset i 2019 over hele verden.» I Bibel-oversettelsen 2011 lyder dette slik: «Vær ikke bekymret for noe! Men legg alt dere har på hjertet, fram for Gud. Be og kall på ham med takk!»

Da var det naturlig for meg enda ei gong å huske på fars gamle Nytestamentet, som han hadde fått av mi mor før dei i 1936 giftet seg på Tonstad. På første side har han skreve at han fekk dette testamentet av «Bendikte Seland, som nu er min elskede kone». I testamentet er bare eitt vers understrekt, det er Fil 4:6, sannsynligvis har mor strekt under dette verset før ho ga boka til far. Boka er svært liten så det var nok lite far kunne lese i den.


Men da Tønnes reiste over til Amerika som 19-åring i 1958, fekk han testamentet med seg, og noterte det på samme forside som faren hadde gjort mange år tidligare.

Så gjekk årene. Då Tønnes skulle flytte sørover fra Jersey til Florida, var eg med. Han fant fram to-tre småting han ville eg skulle ha med tilbake til Norge, «for her vil det bare bli borte», sa han. Dette lille nytestamentet var mellom desse sakene. For meg har det blitt eit rikt minne. (Tobias)

I mors gamle bibel hadde ho skreve at ho og Asbjørn "ble gift 11.april 1936, presten (Per E. Sæbø) talte over Fil 4,6". I Tonstad kyrkjebok er deira vielse oppført på torsdag 26.mars, så det er vel det som er den rette datoen - mor var nemlig litt i tvil om datoen. Palmesøndag det året falt på 5.april, så vielsen var altså nokre dager før påske.

11 desember 2019

To brukte bibler forteller











Vår mors gamle bibel låg hos Tønnes i Florida, han ba meg ta den heim til Norge fordi ingen kunne lese den gamle gotiske skrifta frå 1922 i hans familie. Kanskje var det ved mors død at han fekk bibelen hennes med seg som eit minne. Den er svært velbrukt, mange sider er løse, understrekinger ser me over alt, og ryggen er reparert, det er så vidt me skimter "Bendikte Seland" skrevet på framsiden av boka. På første side står det at "Bendikte Seland og Asbjørn Salmelid ble gift 11.april 1936, presten talte over Fil. 4,6" og så kjem navn og fødselsdato for oss to gutter. Om Tobias står det "Han skal forkynna Guds rike blant menneskene, 4/6 36". "Guds løfter om Tønnes, 15.mai 1957," og seinare: "Tønnes er frelst, 13.6 1960". Bak i bibelen har mor skreve: "I kveld ble eg møtt med dei orda 'Kristus er den som rettferdiggjer', ja på dette løfte vil eg døy. Seland, 26.1.1933. Nei, ikkje døy, men flytta heim til min elskede, min frelser. Amen. B.S."
  Tønnes sin nynorske bibel ser velbrukt ut utenpå, den er frå 1938, og gitt som "julehelsing frå mor og far 1960", der har mor på førehand understreka mange ord og avsnitt. Tønnes har ikkje skreve i den, men inni låg eit par personlige og inderlige bønnelapper med hans skrift. Bokryggen mangler. Han ville eg skulle ta den med heim, eit gildt minne for meg.