grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

24 februar 2017

Oppmuntringens teneste

Timoteus vart sendt til menigheten i Tessalonika for å oppmuntre dei truande der (1 Tess 3:2), Paulus ber dei om å oppmuntre og oppbygge kvarandre. I Hebreerbrevet får me også to formaninger om nettopp å oppmuntre kvarandre (3:13 og 10:25). Og Peter skriver at han har sendt dette brevet for å oppmuntre dei truande og vitne om Guds nåde (1. Pet 5:12). Det greske ordet parakalein betyr å tilskynde, trøste, påkalle, oppmuntre, formane, å tilkalle hjelp og komme for å få hjelp. Det er jo ut frå dette verbet me har substantivet parakletos, trøsteren, talsmann, advokat.

Sjøl fekk eg bare ein takk og oppmuntring då eg sa ja til å bli valgt som misjonslagets styreleder nå i februar, det var Ove som sendte meg ein mail. Oppmuntringen varma. I ei nylig gravferd kom ein kar imot meg med desse orda: "Takk for den fine artikkelen du skreiv om Jorunn Hamre!" Orda varma. Då eg hadde hatt andakt på aldersheimen nylig og avslutta med Jobs ord "Jeg vet at min gjenløser lever", og me hadde sunge siste sangen, då stemte pianisten i med postludium og valgte nettopp melodien av Jorunn Dubland Tendeland: "Jesus så alltid på synderen først". Eg takka han spesielt for dette etterpå, og vart møtt med eit varmt  smil som viste at han tok imot takken. 91-årige Sigrid takka for andakten etterpå: "Du snakke så høgt og klart, og så var det så aktuelt!"  Det varma.
Jo, eg er nok litt sjølopptatt, og får fornya pågangsmot ved oppmuntring og takksamme ord. Eg trur ikkje at det er berre Gud eg skal venta takk frå, i alle fall må han jo bruke ord  frå andre for å få formidla det til meg. Takk for all oppmuntring, kjære medkristne, la oss fortsette å trøste og sette mot i kvarandre!