grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

24 august 2007

Kanal for Guds bønnesvar – eg?

Aldri redd for mørkets makt!
Stjernene vil lyse.
Med et Fadervår i pakt
Skal du aldri gyse.

Denne 140 år gamle sangen av Christian Richardt, nr.414, har ofte tont for meg i samband med lyn og torden, stormfulle netter, ukjente redsler og vonde makter. Gud er jo vår Far, den allmektige og gode og omsorgsfulle! Nå har eg ei bibeltimeveke på Våge i Tysnes, om Fadervår, denne bønna som me kjenner så vel og kanskje derfor ikkje heilt tenkjer gjennom til daglig. Bønna er til Gud, men kvar ledd i den engasjerer oss sjølve sterkt. Skal Guds rike komme, må nettopp me opna oss både for å sleppe Jesus inn i vår kvardag, og å stilla oss til disposisjon når han seier ”gå!” Han ønsker å gje alle trengande det dei har bruk for, ”daglig brød”, men kanaliserer denne hjelpa gjennom oss! Og korleis skal me greia å be om frelse for mennesker me synest er håplause, når Gud ønsker at nettopp me skal vera Jesu sendebud til dei? Tittelen på ei bok av Broder Andreas har talt mykje til meg: ”- Gud ombestemte seg … fordi hans folk våget å be.”

13 august 2007

Minikala i vekst


Ei krukke med jord og knolle kjøpte me på bryllupsreisa vår til Holland 25.april, men knollen så ikkje ut til å vera liv laga. Bjørg grov litt i molda eit par gonger, men alt var bare svart og livlaust. Så endelig, etter 6-7 vekers venting, og like før den skulle kastast då me skulle flytte over i det nye huset vårt, så ho etter for siste gong - og fant ein ørliten groe. Det første teikn til liv. Og sjå den i dag! - "Be patient with me, God has not finished with me yet" stod skrevet på ei altfor stor T-skjorte som ei ung jente hadde iført seg. - "Men Gud gav vekst" heiter det når arbeidernes strev med "plantene" (les: forkynnernes arbeid med Ordet og ordene, og med tilhøyrarane) vert omtalt. - Kanskje kunne dette også gje oss eit ydmykt sinn når me møter mennesker som har vokse seg annleis enn oss, med andre meininger og med ein annan kultur. Ein ting er i alle fall sikkert: Herren arbeider daglig med sine barn, ingen er utvoksen før dei er heima hos ham.