grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

06 oktober 2020

Gutteturen til Suleskar-hytta 2-4/10/2020


 


Me hadde vore her på tur for fem år siden, «far og fem sønner», men denne gongen vart me bare fire: Geir Tore hadde nemlig dratt tilbake til oppgavene Tanzania, og Bent var sliten og svimmel og klok nok til å bli heime. Kristen nådde fram først, og Bjarne - hytteeigar og vert - plukka opp Arne i Stavanger og meg (Tobias) i Flekkefjord før me kom fram i 19-tida. Bjarne overraska med pizza, bakt ut med rikelig med pålegg og steikt i egen pizzaovn med det samme. Ei stor pizza til kvar, herlig smak!
Me prata om alt, fortalte korleis mine barnebarn hadde det med arbeid og studier, og beundra den praktiske hytta og hyttefeltene over alt i området. Lørdags morgen kl 9 fortsatte me med kaffe og brød, før dagens første utflukt. Me rusla i sterk vind og litt småregn dei to km lange asfaltveien til Ådneram, den nordligste bygda i Sirdal. Dei to-tre gardsbruka der kom nesten bort i alle hyttefelt og skiheiser. Me tok ein annen veg tilbake så heile turen turen kom på over 8000 skritt, vel 5 km. Det var deilig å få komme seg ut, og Bjarne var godt kjent i området og visste kvar stiene gjekk. Han hadde kjøpt med seg 3 kg risgrøt som me fire gjorde kål på etter turen. Etterpå hadde eg svært behov for ein times sengeleie, middagskvil, dei yngste greidde seg visst uten.

Verten og turlederen låg ikkje på latsida. Utpå ettermiddagen kjørte han oss på Lysefjordveien gjennom eit knudret høgfjell-landskap til det fantastiske «Ørneredet» (Øygardstølen) med utsikt ut over Lysebotn 640 meter nede. Det svimla nesten for oss. Parkeringsvakta kom bort til bilen med det samme og sa at ingen hadde lov til å vandre bortover fjellet mot Kjerag i denne voldsomme vinden. Nei, det hadde me heller ikkje tenkt på, restauranten var også lukka på denne tid av året. Men me kunne gå på utsida av bygningen. Fantastisk utsikt.

Då me kom heim att til hytta var det tid for ein videoprat med Geir Tore og Bent. Geir Tores 52-årsdag (og Oscars 11-årsdag) måtte jo «feirast» på denne måten. Jo, guttene mine vert eldre etter kvart, og det merkest godt på meg også. Eg hadde skreve eit lite stykke sjølbiografi, «Å følge sin skjebne», som eg gav til guttene - og seinare sendte til Bent og Geir Tore. Med alderen kommer gjerne minner, og så ønska eg at etterslekta skulle kjenne sine røtter mest mulig.

Høydepunktet i mat og godbiter kom då Bjarne diska opp med etiopisk «indjera og wott», som er beste retten me kan ønske oss. Det var skikkelig «bejeainetu», wott og alicha av mange slag. Veldig smakfullt og passelig krydra. Seinare, då mørket la seg over hyttebygda, tente Bjarne opp «eldfatet» i det nye uterommet, og så kosa me oss med eplekake (som Bjørg hadde sendt med meg) og is. Herlig.

Søndag var vinden like voldsom, og i tillegg hølja regnet ned så me kutta ut den planlagde turen. Me mimra om stort og smått, og rydda opp etter oss. Kl 12.30 starta tilbaketuren etter ei svært gild helg. Bjarne kjørte først meg heim til Flekkefjord, og fekk litt kaffemat her før han kjørte Arne til bussen i Stavanger. Han kom ikkje heim til Stord før i 20-tida. På neste helgeutflukt må me prøve å ha alle med!