Lyse opplevinger i grå kvardager
17.mai feira me på tradisjonell måte, med bytur, kyrkjegang, middag i bankkjelleren og godt møte om kvelden på Bedehuset, med pølse og is i tillegg til god tale av dr. Einar Sand.
Pinseaften har me ein annen tradisjon: Haydom-basaren på Gyland bedehus - denne har dei halde på med i 40 år, mens Bjørg arbeide på dette sykehuset i Tanzania. Minst 120 var samla, mange barn, mykje god mat, nesten 47.000 i inntekt for NLM, og ein knallgod andakt av Lars Skjæveland - der han fekk alle med seg i sine bilder og omtale av Guds ånd som vår "støttekontakt".
Pinsedagen var me di Frikirken oppe på Trøngsla, litt utenfor byen. Dei feira at det var 10 år siden dei hadde tatt i bruk dette flotte bygget til kyrkje. Samtidig var det forbønnshandling for eit nytt lærerpar til NLMs skole i Nairobi: Anders og Marie Skåland Skretting.
Ove Nybø (pastor i Frikirken), Ove Sandvik (områdeleder i NLM), Kari (Frikirken), Marie Skåland og Anders Skretting. (Maries foreldre er i Frikirken, Anders har vore lærer på Tryggheim) |