grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

30 juli 2017

På tur med Bjarne 28-29.juli 2017

Det hender at Bjarne lar sykkelen stå og drar på tur uten den. Fredag 28/7 var ein slik dag. Då tok han Unn-Iren og Vibeke med på den svært strevsamme turen til Trolltunga, med teltovernatting oppe i fjellheimen og med fine bilder frå den spektakulære og fryktinngytande Trolltunga med skoddeskyer omkring og 700 m ned til vatnet under. Fantastisk syn!
Lørdag - på Olsokdagen - kjørte han til Tonstad og plukka opp meg der slik at me kunne ta ein tur til Salmeli, etter ein kopp kaffe på Tonstad Bakeri. Været var ikkje heilt bra, og i Salmeli var det bare noen biler som tilhørte hyttefolk, men ingen folk å sjå. Me rusla litt omkring, og var innom "gjestestova" i uthuset der oppe for å eta nistematen. Men ingen hadde sett etter denne stova i det siste, fugleskitt låg over alt.
Men om ikkje me traff andre, så traff me i alle fall kvarandre. Me brukte tida sammen til å prate om unge og eldre i slekta, var særlig opptatt av korleis det går med dei 16 barnebarna mine som er spredde omkring. Me fekk også med oss dei gamle som har gått foran oss både her i Salmeli og andre stader, og korleis Vårherre holdt si hand over dei både i gode og vonde dager. Han er den samme for oss også i dag, og det er me takksamme for. Eg er svært takksam for denne turen til Salmeli. Det hadde nå gått to år siden eg var der sist, og eg føler at alderen min gjer det ekstra nødvendig med ein ledsager når stien er steinet og glatt i regnvær. Takk til Bjarne for fine bilder frå begge turene.

21 juli 2017

Ferietur til Lofoten

Det var me som hadde lyst på ein tur til Lofoten, og Kristen som tok på seg å ordne med det heile: finne plasser til overnatting, bestille flybilletter, kjøre oss omkring i leigebil, og mye meir. Me er svært takksamme for det han gjorde for oss, og for heile turen. den startet egentlig ved at me var innom Marie og Thorbjørn i Oslo og fekk sjå vesle Johannes dei nettopp hadde fått. Kjekt å kunne få fire generasjoner inn på samme bilde!
Overnatting vart hos Bent og Ellen på Lørenskog, både da me reiste og da me kom tilbake. Me tok mange bilder, og er fulle av minnerike inntrykk: Vikingmuseet (der me fekk seiltur med vikingskip), krigsmuseet (Narvik, dette talte sterkt)), fiskevær og måker, Lofotens katedral (Kabelvåg) og andre kyrkjebygg, besøk hos familien Ivar Tolo mellom Evenes og Harstad, Svolvær, Henningsvær og Nusfjord, for å nevne litt. Store snødekte fjelltopper, "Svolværgeita", mmm.




03 juli 2017

1842

Bjørg hadde med seg ein trebolle frå Nedland, 27 cm i diameter, fint malt, med denne inskripsjonen:
Naar Gud Dig gleder med Gavene sine, Bedrøv Ham da ei med Synderne dine. TPSR 1842
Me veit ikkje kven som laga denne bollen og malte på den bibelske formaningen, men årstallet 1842 gir oss noen tanker.  Det året vart nemlig konventikkelplakaten oppheva i Norge, da fekk kristne grupper lov til å ha møte omkring i husene uten at øvrighetspersoner, prestene, var til stades. Samme år vart Misjonsselskapet etablert, dei har jo nettopp hatt generalforsamling i Stavanger og samstundes feira sitt 175-års jubileum.
   I år kan også Flekkefjord feire sitt 175-års jubileum som by, men tgettstedet har ei lang historie som havneby (med seilskute i byvåpenet) og handel med Holland som kjøpte både steinmasser og tømmer frå området. I sin tid var byen endestasjonen for Jærbanen, men nå må me ta buss til Sira stasjon for å komme med på sørlandsbanen. Byen har vel 6000 innbyggere, og er ein del av Flekkefjord kommune med vel 9000. Byen har nettopp fått nytt og fint kulturhus, Spira, og om eit år vert den nye bybrua ferdig. Den fjordarmen som deler byen i to, kallest Elva. Ein oversiktelig og trivelig sørlandsby!  1842 - eit viktig årstall-