28 mai 2018
"Sammen"
heter et bilde som Leiv Knibestøl har tegnet for mange år siden. Eg
kjøpte ei bæreveske hos han for noen år siden, med det motivet, og gav det til eit ungt
ektepar som stod meg nær; ektemannen hadde nemlig fått ein tung og
kronisk sjukdom og hadde derfor sterkt behov for noen å dele byrden med.
22 mai 2018
"Livet må forståes baklengs, men det må leves forlengs."
Dette
sitatet har me frå Søren Kierkegaard, og da må det vel vere kloke ord
for oss som av og til tenkjer på det som hender i livet vårt. Sjølv er
eg nok mest opptatt av den næraste dagen og veka, den har vore spesiell
solrik og full av opplevelser. Det er nå gått tre veker siden eg fekk ta
av meg gipset, etter seks veker i rullestol med ankelbrudd. Eg øver
meg dagleg med å gå uten å halte. Det er ingen sjølsagt ting at kroppen
fungerer som den skal når alderdommen gjer sitt inntog, men sjekken hos
fastlegen sist mandag åpenbarte ingen spesielle problemer. Eg var også
innom biblioteket, men dei to bøkene eg var interessert i kunne ikkje
skaffes ennå fordi dei var så nye. Bøkene handla om skapelsen og trua,
nå har eg bestilt dei direkte frå forlaget. Det gjer eg svært sjeldent
fordi eg synest bokprisene er altfor høge. Men eg arbeider for tida med
ei populær forståing av urhistorien, frå Adam til Noah, og trenger å sjå
den gamle soga frå fleire sider.
Den samme mandagen hadde me "kalendermøte", godt forberedt av Sven med
oversikt over møtene på Bedehuset i januar-september 2019 både for NLM,
ImF og NMS. Og om kvelden var det foreningsmøte, både for mennene med
gjennomgang av bibeltekster på Bedehuset, og for damene
med mat og prat hos Nelly.
Fridager står i kø i mai. Den 17. feira me på tradisjonelt vis, og i
strålande vêr: Frå bedehustrappa hadde me utsikt over det jublande
toget, før me samla oss i parken ved banken. Så bar det til gudsteneste i
kirka og videre til middag på Englekafeen, deretter til tale, sang og
kaffekaker på Frelsesarmeen. Mange innflyttarar hadde også møtt opp der,
og siden fastemåneden Ramadan nettopp hadde begynt, fekk fleire av dei
med seg kakestykker dei kunne ete seint om kvelden heime. For oss bar
det rett heim til ei naudsynt middagskvild før nasjonalfesten på
Bedehuset om kvelden. Kjell Erfjord hadde ein god tale om flagget og
fargene, Sven leda, Gordon hadde opplesing, og den tradisjonelle maten
smakte godt: brød og pølse, kaffe og iskake.
Fredag 18.mai vart også ein stor dag: Frå Lye kom mine barnebarn
Kamilla, Joakim og Renate, og frå Grimstad bibelskole kom Tomas med
kjærasten Amalie. Det vart bytur, prat, pinnakjøtt, jordbær og deilig
eplekake. Me satte stor pris på besøket, og trur ungdommene tykte det
samme. Foreldra deira, Geir Tore og Margunn, kjem heim frå Kenya på eit
trevekers opphald seinare i sommer. Og alle skal til GF2018, 3-7.juli,
og gjerne ein tur til Salmeli.
Lørdag 19.mai var det praktfulle prinsebryllupet i London, med Harry og
Meghan. Storslått. Fantastisk. Om kvelden kjørte me opp til Gyland
bedehus der den tradisjonelle Haydom-basaren vart avvikla for 43.gang,
med ei inntekt på 50.000 til støtte for det kjente sjukehuset i
Tanzania. Bjørg hadde jo vore helsemisjonær der i ei årrekke - i februar
i år var det 50 år siden ho reiste ut første gongen! Elmar leda basaren
som vanleg, maten smakte svært godt - som vanleg, og folk hadde gitt
gevinster og kjøpte villig lodd. Fra Svein Sturla kom 25 bløtkaker, fine
gevinster som me vant ei av. Me fekk også med oss to middagsbilletter
til Eiken hotell, og ein stor lekebil som går videre som gevinst på
julemessa vår her i byen. Magne Vatland hadde andakt om pinse og Ånden,
som kom som eld med lys, varme og rensing. Ånden ville inn i hjarta
vårt, men fant det ofte fylt av andre ting - som ein garasje så full av
utstyr at det ikkje var rom for bilen.
Samme dag døydde Kåre Nuland (89), ein fjern slektning av Bjørg. Eg
hadde besøkt han på Tjørsvågheimen 9 dager tidligere, kreften hadde
spredd seg til skjelettet og me forstod alle at han ikkje hadde lang tid
igjen. Det er godt å ha si sak i orden med Gud - i tide.
Desse dagboksidene vert etter kvart fulle av inntrykk. Søndag var det
pinsedag. Me var i Metodistkirken og høyrde pastor Jan Robert Madsen
snakke om Guds Ånds virke som redskap i våre liv, ei veldig god preik
som fekk meg til å lengte etter meir inderlighet og åndsfylde i livet
mitt.
Me
skulle ta oss ein spasertur i 5-tida om ettermiddagen i det fine vêret,
og fant på å gå innom kurderfamilien Baqi for å sjå til Muhammed som
hadde forstua foten. Han brydde seg lite om fasten, gudstrua hans gjekk
helst ut på å leve slik at han følte det godt. Men kona Avin kunne ikkje
ete noe før etter klokka seks i alle fall. Ho satte i gang med å lage
smakfull middag, som me sjølsagt måtte vere med på: suppe, ris, salat og
kyllingvenger. Kjekt å prate med dei på norsk, dei går på språkskole og
har vore hos oss fleire ganger. Gutten deira, Rahand, fem år, kaller
oss bestefar og bestemor.
Andre pinsedag var det formiddagsmøte på Bedehuset, der Ingunn Holm
(ImF) talte både godt og lenge. Reidun leda oss greit gjennom ritualet
og Olaf var pianist og sanger: "Jeg kan ikke ... Men jeg kjenner en som
kan, han heter Jesus Krist." Om ettermiddagen hadde me bedt Sigrid,
Edith og Reidar til kaffe og prat. Det var også kjekt å få vise dei
leiligheten som me flytta inn i 1.juni 2017 - etter 10 år på Søyland.
Liljekonvallene hadde Bjørg plukka oppe i lia. Minner frå gammel tid dukker stadig opp, og ny tid kommer.
12 mai 2018
Dagens nyheter, lokalt, nasjonalt og verdenshistorisk.
Lokalt i Løvikgaten 5E: Bjarne
starter på den 4 timers sykkelturen frå Flekkefjord til hytta i
Sirdal. Han kom til oss fredag 11/5 etter å ha syklet 157 km frå
Randaberg og hit på 6 timer, inkludert pauser. Me fekk noen gode
pratetimer sammen før han skulle videre.
Avisen Vårt Land var opptatt av
Den norske kirken og kvinnelige prester. Den første kvinnelige
presten var Ingrid Bjerkås i 1961, og den 20/5 er det 25 år siden
kirken fikk sin første kvinnelige biskop, Rose Marie Køhn, i 1993.
Kvinnelige presters kall til teneste var understreket.
Avisen Dagen hadde som
framsidebilde og hovedsak at Staten Israel er 70 år,
uavhengighetserklæringen vart underskrevet 14.mai 1948. Andre minner
er båten «Exodus» med 4500 jøder ombord, brittene hindret den å
nå Israel i 1947. Og jødene ombord hadde nettopp så vidt overlevd
holocaust og Auschwitz! I dag er Israel og Iran på bristebunktet.