grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

30 mai 2020

Pinse-arbeid

Me ønsker kvarandre ei velsigna pinsehelg, både på møter, på turer i vårvarmen, og heime i stova. Kanskje synest du dette foto av Bjørg ikkje passer med pinsehelga. Det skulle kanskje heller vore eit bilde av Guds Ånd (ei due eller ein flamme), men her er det omplanting av blomsterplanter Bjørg held på med. Det passer bare så ekstra godt.  Då Ånden kom pinsedag, var det for å sette oss i arbeid - ved å plante og vanne, plukke vekk ugras og brunsvidde blader, og skifte ut den gamle plantemolda - og i frimodighet gå til arbeidet sammen med Gud som gir vekst.

Mi bønn til Herren i denne pinsehelga er denne: Måtte han som gav meg sin Ånd, også la denne Ånden få virke i mitt liv.

25 mai 2020

Møte i pandemien tid


Lokalavisen i Flekkefjord kunne endelig annonsere dei første møtene etter at landet vart nedstengt 12.mars 2020. Etter 11 veker med strengt forbud mot alle samlinger heime og ute, kunne opptil 50 personer komme sammen til eit møte når dei overholdt alle smittevernvedtekter. Søndag 24.mai skulle det bli kristne samlinger i Flekkefjord kirke, Hovsherad bedehus og på Bakke bedehus på Sira.
I god tid før kl 11.00 var me på plass på Sira og nikka til møtefolk me ikkje hadde sett på lenge. Ved inngangsdøra stod antibak-flaska. Då lederen ønska velkommen sa han frå at sangbøker måtte me hente sjølv, og så måtte noen flytte på seg slik at det vart to stoler mellom dei som ikkje hørte til samme familie, og bare annenkvar stolrad kunne nyttast. Så satte han seg slik at han såg alle og fekk notere navnene. Alt dette var etter vedtak av helsemyndighetene.
Den unge Fossdal-familien deltok i møtet. Reidun var pianist. Dei to småbarna deira klynge seg til faren Olav og ville helst opp i armen hans når han sang. Det er svært gildt for ei eldre forsamling å sjå ein slik ung familie på møtene.
Kolbjørn Bø talte. Han er lederen for Misjonssambandets arbeid i Region Sørvest, Rogaland og dei vestlige kommunene i Agder. Kolbjørn er ein god forkynner og levande forteller: «Det er sannelig ei underlig tid me lever i. Heile verden er jo under angrep av dette korona-viruset. Nå er det første gong på to og ein halv måned at eg står på ein talerstol!» Han understreka usikkerheten med utviklinga, og korleis denne pandemien såg ut til å vera ein del av endetida slik Jesus beskriver den i Luk 21: «Folk skal reise seg mot folk og rike mot rike. Det skal bli kraftige jordskjelv, og hungersnød og pest. Det skal skje forferdelige ting og vise seg store tegn fra himmelen. - Da skal dere få vitne!» Kolbjørn las dagens tekst fra Joh 15:26-27 der Jesus forteller om Talsmannen, sannhetens Ånd, som skal vitne om han, «men også dere skal vitne, for dere har vært hos meg fra begynnelsen av.» Me fekk også høyre om denne vitnetenesta ute i Kenya der Kolbjørn nylig hadde deltatt på ein misjonærkonferanse.
Kollektkorg kunne ikkje sendast rundt i benkene, men den stod lett synlig for dei 20 møtefolka då dei kom ut i gangen igjen. Me måtte gå frå kvarandre utan å kunne gje kvarandre handa, og måtte heile tida passe på å halde avstand. Men det vil vel komme betre tider igjen. I Flekkefjord bedehus vert første offentlige møte tirsdag 16.juni, før det vert det bare små foreningsmøter.

22 mai 2020

Kristi himmelfartsdag - Egil Grandhagen



Den gode medarbeideren og NLM-lederen Egil Grandhagen (1947-2020) døde 20/5, etter tre års kamp mot kreft. Vårt Land og Dagen har skreve mange sider med minneord, og eg kunne gjort det samme etter å ha vore sammen med han i arbeid både i Etiopia og i Norge.


I går, 21/5, var det Kristi himmelfartsdag, og i det fine været om ettermiddagen kjørte me opp til Sjåsamveien, og gjekk videre innover den breie stien til Nygård, der me hadde eit godt kaffemåltid på ein fin rasteplass. Eit kjempestort grantre ved veikanten la me merke til, også dei mange stiene med knudrete fururøtter. Det er herfra byen får drikkevatnet ditt, det setter jo litt preg på området. Heile turen tok halvannen time, og gjorde godt.



Om kvelden hørte og så me på Per Arne Dahl sitt intervju med Egil Grandhagen og kona Solveig. Det var eit gripende misjonsmøte. I dag har eg lest kva avisene seier om han som var generalsekretær i Misjonssambandet i 19 år, 1982-2001. Mellom andre saker festa eg meg spesielt til opprettelsen an «NLM trussamfunn» under generalforsamlinga i 2015, då talte både Grandhagen og eg imot den foreslåtte «minimumsløsning» ( å opprette eit trussamfunn), me gjekk inn for ei «maksimumsløsning» (å bli eit trussamfunn/kirkesamfunn). Me var begge mellom dei 10 som stemte blankt! Eg har samme meining i dag.

07 mai 2020

Våre opplevelser i koronatida

Koronaen har forandra ein del på vårt levevis og våre planer - det gjelder oss alle. Møteverksemd er ikkje som før, Guds ord får me ved å lese, ikkje ved å gå til bedehuset og høyre. Byen virker stundom tom for folk, ein del sitter heime. Me går i butikken og ellers på daglege turer, leser, strikker, ser på tv om kvelden.
Men tirsdag 5.mai kom ein forandring:Bjørg fylte 78 år, og for første gong på mange veker hadde me "fullt hus", dei lovlege fem personene i stova vår: Geir Tore, Margunn og Joakim kom til midag (pinnakjøtt!). Stor stas. Helsinger ved blomster og mobil nådde henne også.

Onsdag var det Arne sin 60 årsdag, han hadde egentlig planlagt selskap, men det kunne ikkje bli noe av nå. Men ein historisk bursdagsprat vart det likevel: Alle fem guttene fekk prate sammen på video (Messenger)! 
Torsdag vart min store dag: Eg fekk igjen høreapparatene mine etter å ha venta i ein måned og 5 dager på at dei skulle bli vedlikeholdt! Nå kan Bjørg igjen snakke normalt til meg uten å måtte rope. Kanskje vil eg også unngå alle misforståelser fordi eg trur noe er sagt meg uten at det var det. Fuglekvitter og gatelyder når meg - storarta.
I tillegg til alt anna så får me i kveld høyre helsemyndighetene sin justering av korleis me skal forholde oss til fellesskap og møter og heimeselskap og mye meir - etter snart to måneder med "innestenging" og "nedstenging" av landet vårt. Heldigvis har me i Flekkefjord fått vore friske.

01 mai 2020

1.mai-tur til Lilleheia

I ettermiddag var me på tur gjennom gamlebyen (Holenderbyen) og opp dei 2-300 trinna til Lilleheia. Utsikten over Flekkefjord er fin, me ser bl.a. Høgåsen på andre siden av byen - der var me 13.april. Noen flagg og folk såg me, men dei var helst få. Noen er nok på hyttetur, og samlinger ellers er jo ikkje tillatt i desse koronatider. Turen tok ein times tid, 4300 skritt i alt. Så smakte det med ein kopp kaffe og eit deilig kakestykke då me kom heim.