han er ikkje bare med", sa områdeleiar i NMS, Terje Høyland (bildet), på Bedehuset søndags kveld. Han hadde vore misjonær i Paris i mange år og orienterte om arbeidet der. Og så fortsatte han med Jesu ord til disiplane da dei stod overfor ein flokk på 5000 sultne mennesker: "Gje de dei mat!" Ut fra denne fortellinga hadde han tre lærepunkt som det var godt å få med seg:
- Lar du deg leia av Gud, vil han ta seg av deg, Fil 4:19.
- Det du gir Herren, vil bli mangfoldiggjort. Gud bruker ringe redskap når han får råderetten over deira liv, f.eks. Moses. Disiplane trengtest for det var dei som skulle bringe maten ut til folket. Gje Herren det du måtte ha fått av ressurser, om dei er aldri så ringe.
- Det Herren begynner, fullfører han også. Den synkande Peter vart løfta opp att da Jesus tok han i handa og fekk han ombord i båten igjen.
Høyland avslutta møtet med å be for dei som måtte ha vondt i "venstre armen, eller hovedet, eller auga". Siden Bjørg hadde ein vond venstrearm og eg ikkje var bra i eine auga etter netthinneløsning for fleire år siden, så tok vi dette til oss. Noe øyeblikkelig betring vart det ikkje, men vi veit at Herren kan både helbreda fullstendig og la oss leve videre slik vi er - om det tener hans sak, og om ikkje dei vonde syndefallskreftene får styre ...