![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhtTksMsHb8NdEqpTW-yVSis2U2pZNhp110bG_rqo_RqGs-DYhLV0lxm91141Pu419zi5DnF1A4H1n_Yi1rlA_EMrjq38aUhRLkGx-QTA7WqzDPiGUrTj1DE8E7Fg87MMXFKWGDgQ/s320/Hilde+Aslaug+Tonny+Torunn+030311.jpg)
I går kveld var eg i Vikeså og hadde bildekåseri om Salmeli for minst 40 interesserte. Det var Per Spødervold som hadde spurt meg, som formann i Bjerkreim Ættesogelag. Det var jo kjekt for meg å snakke til så interessert publikum, bl.a. gamle sauegjetarar som kjente salmeli-heiene godt. Og så det kjekkeste av alt: Solhom-folket hadde møtt opp, dei som bur i Egersund/Helleland. Tre døtre av mitt einaste søskenbarn, Olav Solhom (1915-93), einaste son av tante Anne, fars søster. På bildet ser me frå høgre Torunn Solhom Tamburstuen, Tonny Rinden og Aslaug Melhus, og så Hilde Egeli - Torunns datter - lengst til venstre. Åtte Salmeli-bøker, dei siste eg hadde, vart også solgt den kvelden. Og til kaffen etterpå fekk me fastelavensboller. Bjørg var på vakt på sykehuset, og eg nådde nett tilbake til Flekkefjord for å hente henne heim att kl. 22.45. Me hadde hatt ein svært god kveld begge to!