Påskeveke på Undeland
Me kjørte til Undeland Misjonsgård, Lyngdal kommune, bare ein times tur frå byen (60 km), for å feire påske der sammen med 25 andre, frå påskeonsdag til påskesøndag. Det vart ei gild oppleving der me også traff mange kjente. Einar Krogedal hadde bibeltime dagleg, han følgde Jesu lidingssoge i Johannes evangelium. Nærare 30 tilreisande vart med i tilleg til oss som overnatte, dei fulgte med på timene, til middag, på sangmøter og nattverdstunda skjærtorsdag. Me budde i ei god hytte, "Dalbu", med to rom og køyplasser til 8-10 i alt. Undeland er godt utbygd nå etter at dei fekk stort internatbygg i 2014. Den gamle heiegarden vart gitt til Misjonssambandet i 1963 og er blitt tatt godt vare på, og utvida med fleire hytter og bygg..
Forkynneren Terje Fossdal tok seg av det meste: Plass til alle gjestene, passa på at det var nok mat på bordet under måltidene, leda nattverdmøtet skjærtorsdag (bildet under) og hadde bibeltimen langfredag - kort sagt: Han er nok ei hovedårsak til at mange kommer igjen år etter år. Så hadde han sjølsagt også sine medarbeidarar. Elghodet på veggen bak han, ser me ikkje, men to fine mår står synlige på peishylla. Me er svært takksamme for det gode påskeopphaldet på Undeland.
Lørdag drog me på tur til Konsmo om ettermiddagen, me skulle få litt orientering om dei nå så kjente "barnevandringene" på Agder i 1830-1910, da barn frå Kvinesdal, Fjotland, Åseral og Kvås vandra til fots over heiene til Tveit og Birkenes for å tene penger på gjeting om sommeren. Reidar Vrådal var kjentmannen og fortelleren frå Konsmo, han tok oss med til Nodebakkehelleren der me fekk kaffe og soger fra desse vandringene. Reidar står til venstre på bildet under, og Olaf Haugsvær skjenker kaffe.