23 april 2019
Barnebarn er de gamles krone, fedrene er barnas stolthet (Ordspråkene 17:6).
16 april 2019
Fantasi og virkelighet
Påskeveka
2019 er komme, me skriver i dag 15.april og eg sit ved TV-apparatet for
å sjå ein gjenganger: " Løva, heksa og klesskapet", ei av dei sju
fantasibøkene av C.S. Lewis i serien om Narnia, som kom i årene
1950-56. Samstundes ser eg på dagens nyheter at 8.sesong av
fantasiserien "Games of Thrones" kom med sin første svært etterlengta
episode i natt. Serien starta visstnok av TV-selskapet HBO i 2011,
basert på bøker av George R. R. Martin.
I
mellomtida kom "Ringenes herre" i 1954-55, av J. R. R. Tolkien, og J.
K. Rowlings sju kjente bøker om Harry Potter, frå 1997.
Desse
seriene, og mange andre liknande bøker og filmserier, handler oftest om
kampen mellom gode og vonde krefter i tilværet. Som om virkeligheten
her i verden ikkje kan vera fantasifull nok, så er desse historiene
gjerne lagt til riker og kloder hinsides det mennesker normalt opplever.
Det gamle norske ordet for slikt er eventyr, der kunne mennesker møte
både troll og nisser og alver og mange andre slags skapninger. Ikkje
alle liker å lese og sjå slikt i dag, siden desse sogene bare er
virkelighetsfjerne oppspinn. Eg er ikkje heilt enig. Tolkien og Lewis
meinte at siden Gud kunne finne opp og skape ein verden utenom seg
sjølv, og menneskene er skapt i Guds bilde, så er også menneskene i
stand til å tenke ut sin eigen fantasiverden og "skape" den gjennom
bokstaver og bilder.
Narnia-bøkene høyrer til
den klassiske barnelitteraturen (sjå bilde av løven Aslan, frå TV). Eg liker dei svært godt, kanskje fordi
eg er ein fan av Lewis og alt hans forfatterskap.
Tanker ved Bryllupet 20.04.2019
Bryllup er noe stort og gildt
å vera med på, det vil eg gjerne understreka. I juni er det 60 år siden eg vart
gift med mor til guttane mine, og på søndag, 21.april, har Bjørg og eg vore gift
i 12 år. Tida flyr av stad. Dette bryllupet betyr svært mykje for dere to som
er midtpunktene i dag, Andreas og Hildegunn.
Det vert av og til understreka at kjærleiken
betyr alt i ekteskapet, men det er bare ein halv sannhet. Kjærligheten kan
svinge frå dag til dag, frå år til år, som andre følelser. Truskapen må
følge med, truskap mot kvarandre i gode og vonde dager. Skulle det då vera
meir? Å ja, ekteskap har nemlig aldri bare vore ei sak mellom ei kvinne og ein
mann, men ei offentlig sak som angår det fellesskapet som dei lever i.
Dette kan jo i dag ordnes på eit kontor, men ved eit bryllup vert det så mye
tydligere for alle. Og enda meir høgtidssamt vert det ved eit kyrkjebryllup,
der Guds velsigning vert nedbedt over brud og brudgom.
12 april 2019
"Tilfeldighet" kan gjerne vere ein benevnelse på Gud.
Det
hadde seg slik at eg skulle på ein tre dagers HLF-kurs til Drammen
søndag ettermiddag 7.april. Dette gledde eg meg til og pakka veske og
ein liten koffert alt på lørdag. Men i 4-tida om natta fekk eg svært
vondt i magen og smerter i høgre sida av brystet. Eg måtte på toalettet
litt fort og vart sitjande der mens diaréen raste vilt gjennom magen. Så
kom kvalmen, eg måtte dra ei bøtte bort til toalettskåla. Bjørg, kona
mi, spurte forskrekka: "Kva er det? Har du vondt?" "Ja", svarte eg og
måtte motstridande fortelja om alle symptom til sykepleierkona mi. Ho
forsto at det måtte vera omgangssyken som hadde angrepet meg; me fekk
bare ringe og avbestille både kurset og helsa i dagane framover. I
smerte og fortvilelse ba me Herren om å gripe inn. Om morgenen stod
Bjørg opp og ordna med frokost. Kvalmen hadde gitt seg, og med møye kom
eg meg på beina. Eg måtte på toalettet igjen to gonger etter frokost,
men me venta i det lengste med å ringe til HLF. Eg fekk kvile og tok
litt nølande til meg av den gode middagen. Skulle eg våge å reise? Eg
var engstelig for den 6 timer lange togturen. Ville eg finne toalettet i
tide? Eg slapp å grue meg for det; neste toalett-besøk vart på hotellet
i Drammen! Kva hadde egentlig hendt? Eg fant svaret i Salme 37:5: "Legg
din vei i Herrens hånd! Stol på ham, så griper han inn."
Mandag skulle eg skifte batteri i høreapparatet, og fant at den eine batteripakningen inneholdt fleire batterier til venstre øyra, men pakningen til det andre, var tom. Eg bruker nemlig forskjellige batterier til øyrene. Nå vart eg fortvila for alvor. Eg endevendte toalettveska mi og fant bare fire brukte batterier som eg skulle ha kasta tidligere, men hadde ikkje funne rette plass for dei og bare sluppet dei i veska til så lenge. Det er nemlig lett å sjå forskjell på eit nytt og eit brukt batteri. Nå tok eg dei fram, nedba i tru og tvil Guds velsigning over dei, og satte i gang med å prøve. Det første var dødt, slik eg venta. Dei neste brukte batteriene var sjølsagt også livlause. Men då eg satte inn det siste, reagerte høreapparatet positivt! Med forbauselse og med stor takksemd prisa eg Gud. Han hadde virkelig gripe inn! Tilfeldighet? Aldri i verden. Eg kaster aldri eit brukbart batteri, dei er for dyre og dyrebare for meg! Eg fortsatte å lese i Salmene, og vart truffen av 50:15 ("Kall på meg på nødens dag!") og 55:23 ("Kast din byrde på Herren!"). Kan me kalle på ein "tilfeldighet" når ein er i nød? Nei, men me kjenner ein som kan skape tilfeldigheter. Og det er veldig trosstyrkende å ha han som venn.
04 april 2019
Krise, fare eller mulighet.
Det var John F.
Kennedy som tok fram dette kinesiske-japanske tegnet for "krise" i ein
tale 12.04.1959. Då sa han at tegnet var satt sammen av dei to tegns for
fare og mulighet. Andre har korrigert dette: Tegnet heiter weiji, og
det er sant at første delen, wei, betyr fare. Men andre delen, ji, gir
ikkje noe meining når det står aleine. På Logos- undervisninga på
bedehuset i kveld nevnte Øivind Solheim dette som ei forklaring på
anfektelse, f.eks hos Job: Det kunne føre til fortvilelse, men ein kunne
også finne Gud og håp nettopp i dette, jfr. Klagesangene 3:20-23 (Min
sjel er nedtrykt - dette gir meg håp: Herren er nådig). Jer 29:11 (Jeg
vil gi dere framtid og håp). Gen 50:20 (Gud tenkte det til det gode).
Peter skriver om "deres prøvede tro" (1.Pet 1:7), hans eige tru var
blitt angrepen av Satan, men Jesus hadde bedt for han at trua ikkje
måtte svikte. Eit nederlag kan føre til at trua døyr, men også i
nederlaget er Gud!
Musikeren og skribenten Leonard Cohen
(1934-2016) sa det slik: "There is a crack in everything, that is how
the light gets in." Gud tillater ting, hans Ånd førte Jesus ut i ørkenen
for å bli freista av djevelen. Job måtte gjennom alt vondskap og tvil
og håpløshet. "Som ein hjort skriker etter levande vatn ... " seier
salmisten. Han skreik ikkje forgjeves, Sal 34:7 (Den hjelpeløse ropte,
og Herren hørte - og frelste).